Kommentar

Maria Magdalena på vidvanke

Alle forsøk på å etablere eit seksuelt forhold mellom Maria Magdalena og Jesus er teologiske og litterære villspor.

Det er oppsiktsvekkande når ein kjent skjønnlitterær forfattar kjem fram i lyset med ein tekst ho hevdar å vere eit bodskap frå Maria Magdalena. Anne Gjeitanger meinte i eit intervju i Vårt Land torsdag 20. mars at boka Pistis Maria er ei såkalla kanalisering, eit omgrep vi først og fremst kjenner frå nyreligiøse retningar. Når akkurat Gjeitangers påståtte kanalisering er verdt å skrive om, har det med hennar person å gjere. Gjeitanger var i mange år sjefredaktør i Noregs sterkaste skjønnlitterære forlag, Oktober. Ho har vore redaktøren til mange av våre aller beste forfattarar, så som Dag Solstad, Kjell Askildsen, Per Petterson og Edvard Hoem. Det er altså ikkje ei vilt framand dame som står fram i Vårt Land med overnaturlege syner og bodskap. Gjeitanger har stått på toppen av Litteratur-Noreg. Og ho er framleis ein aktiv skjønnlitterær forfattar på forlaget der ho var sjefredaktør i ei årrekke.

Høgst kontroversielt. Det er liten tvil om at Gjeitanger sjølv trur på den høgst kontroversielle bodskapen ho formidlar. Ho fortel at Maria-stemmen kom overraskande på henne, og at ho ytte motstand i byrjinga fordi ho kjente seg utfordra på det ho omtalar som «tabuer om Maria og Jesus». Eit påstått seksuelt forhold mellom Maria Magdalena og Jesus er ikkje noko nytt for alle som hugsar Dan Browns Da Vinci-koden. Hjå Brown var dette ein del av eit kommersielt fiksjonsgrep, som var med på å gjere Da Vinci-koden til ein internasjonal bestseljar. Brown lånte sine teoriar blant anna frå boka Hellig blod, hellig gral av Michael Baigent, Richard Leigh og Henry Lincoln – der nokre av dei same påstandane om Maria og Jesus blei lansert.

Nyåndeleg. Gjeitanger er vanskelegare å plassere. Ho er ingen kommersiell forfattar. Derimot verkar ho sterkt prega av det nyåndelege samfunnet Damanhur i Italia. Pistis Maria er eit verk som plasserer seg i eit nyreligiøst landskap, slik også religionshistorikar Siv Ellen Kraft sa til Vårt Land torsdag. Nyreligiøsiteten har vi hatt blant oss lenge. Det er derimot uttrykk for noko nytt – og difor verdt å vere oppmerksam på – når denne nyreligiøsiteten slår inn over det etablerte litterære feltet.

Sjølv trur eg ikkje at Maria Magdalena formidlar nokon annan bodskap enn den vi kan lese i Bibelen: «Eg har sett Herren!» I Johannes-evangeliet er Magdalena eit sentralt vitne til Jesu oppstode. Ho kjem ikkje med nye bodskapar i dag.

Alle forsøk på å etablere eit seksuelt forhold mellom Maria Magdalena og Jesus er teologiske og litterære villspor. Når nettopp Anne Gjeitanger likevel gjer dette, er det ikkje noko som bør teiast i hel. Difor skriv vi om den nye boka hennar. Gjeitanger formidlar ei Magdalena på vidvanke.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Mer fra: Kommentar