Ein mann går opp den raude løparen. Kanskje blir han tatt bilete av, kanskje ein eller annan kommenterer hårsveisen. Men først og fremst blir han spurd om saker han har på hjartet, om korleis han vurderer sjansane sine.
Ei kvinne går opp den raude løparen. Ho blir fotografert frå alle tenkelege vinklar, må vise seg fram med kjole, sko og hår – er snart å finne med terningkast på motebloggane og i dei største avisene.
Det er vanskeleg for menn å forstå det, men kvinner lever i ei anna verd. Når kvinner kjem i rampelyset, er dei straks offer for det strengaste motepolitiet. Og når kvinner ytrar seg spissformulert og hardtslåande, kan mange rekne med å få hatske tilbakemeldingar på bloggar, i kommentarfelt og på sosiale medium. Det mange av tilbakemeldingane har til felles, er at dei spelar på kropp – frå vakre omtalar av kjolar og sko til skjellsord som hore og bimbo, for å skissere heile spekteret.
Med eit lite unntak for Petter Northug og det norske stafettlaget på ski: Når ein mann har gjort noko prisverdig og bra, er det få som bryr seg om å kommentere korleis kroppen hans ser ut. Med kvinna byrjar det omgåande, anten det er ein fødsel ho har vore igjennom eller ho har spela hovudrolla i ein prisvinnande film.
Kjolesnubling. Under Oscar-utdelinga for ei veke sidan blei Daniel Day-Lewis hylla for den glitrande skodespelarprestasjonen sin som Abraham Lincoln i Steven Spielbergs film. Jennifer Lawrence, som vart kåra til beste kvinnelege skodespelar, fekk mest merksemd for at ho snubla i kjolen sin og fall på veg opp for å hente den gjeve statuetten.
Dekninga av showet, der brystvortene til Anne Hathaway også spela ei sentral rolle, viser kor ulikt blikk vi har på kvinner og menn: Kvinner blir instinktivt vurderte på kropp og utsjånad, mens menn blir vurderte på prestasjon.
Anne Gjelsvik, professor i filmvitskap ved NTNU, skriv i eit blogginnlegg på Rushprint at forskjellbehandlinga av kvinner og menn skjer i langt større grad enn vi ofte er villige til å sjå. I det same mønsteret føyer Oscar-verten Seth MacFarlanes «We Saw Your Boobs»-song seg. Her spøkte MacFarlane med alle dei kvinnelege filmstjernene vi har sett puppane til på film, sjølv om somme av rollene ifølgje Gjelsvik framstiller kvinner som har vore utsette for valdtekt. Det er i så fall ikkje god humor.
Bagatelliserer. Ein del av problemet er at mange menn bagatelliserer spørsmål av denne typen. Det er ein klassisk situasjon der den «sterke» part bestemmer kva den «svake» part skal tole – at ein må tole ein spøk, og så vidare. Og dersom menn feiar vekk problemstillinga, kva skal kvinnene stille opp med då?
Det skjer ikkje berre for ope kamera: Nyleg kunne den svenske operastjerna Malena Ernman fortelje at ho var nære på å gi seg som songarinne på grunn av seksuelle tilnærmingar i operamiljøet. Ho fortalte om si personlege erfaring med seksuell trakassering i boka Bryt tystnaden – saman med ei rekke andre kvinner – og vart intervjua av Aftonbladet i etterkant. Som nykommar i ein mannsdominert bransje møtte ho tafsing og tilnærmingar, og Ernman fortel at ho har mista oppdrag fordi ho ikkje ville bli med regissøren heim.
Når dette intervjuet ikkje har skapt meir rabalder – norske Aftenposten hadde en liten notis om det – kan vi håpe at Ernmans tilfelle er ikkje representativt for operamiljøet. Uansett er det eit nytt døme på ei dyktig kvinne som blir «vurdert» etter kropp, ikkje etter prestasjon. For Ernman, ei av dei fremste svenske operastjernene, tok det mange år før ho var trygg på at ho faktisk var flink til å synge.
Feil kurs. Dette er skrekkdømet. Det mest vanlege er dei små signala. No skal vi altså hugse Daniel Day-Lewis for skodespelet, men Jennifer Lawrence for den langstrekte kroppen i Oscar-trappa?
På ein eller anna måte er mange kvinner i rampelyset innforstått med at «det burde ikkje vere slik, men det er ein del av gamet». Nokre få yter motstand, som Anniken Huitfeldt gjorde med det artige skiskostuntet for eit år sidan. Då kom ho kledd i skisko og svart kjole til middagen i Norges Bank.
Fleire må gjere som Huitfeldt om blikket skal endre seg. Vi er på feil kurs når det alltid er kvinnekroppen som kjem i spotlighten, ikkje kvinna.