Nyheter

Jerusalem i brann

Ekstremistar på begge sider sit klare med fyrstikker i kampen om Jerusalem.

19 år etter at statsminister Yitzhak Rabin blei ­drepen av ein israelsk ekstremist 5. november 1995, står ekstremistar på båe sider klare med fyrstikkene. Ein bilførarande terrorist som styrte inn i fotgjengarar i går er berre eit nytt døme på opptrappinga.

Statsminister Benjamin Netanyahu prøver å roe gemyttane. Han har gjort det klart at han ikkje vil oppheve forbodet mot at jødar ber på Tempelhøgda i Jerusalem, eller Haram al-Sharif på arabisk.

Netanyahu burde vore langt tydelegare langt tidlegare. Regjeringa hans er, som den israelske analytikaren Yossi Alpher peikar på, overlessa av ekstremistiske jødiske ­nasjonalistar som hissar opp til farlege tumultar.

Desse har pressa på for å endre statusen til den omstridde høgda. På den andre sidan står islamske ekstremistar ­– dei er blitt meir og meir synlege på Haram al-Sharif. Dei påstår på si side at dei jødiske ekstremistane vil rive moskeane. Den israelske tryggingstenesta fryktar meir enn noko at ein jødisk ekstremist nå rettar terroråtak mot Al Aqsa-moskeen.

Det er viktig at Netanyahu og Mahmoud Abbas snakkar saman. Ingen av dei har interesse av at ein oppstand skal spreie seg til Vestbreidda. Det vil gje Hamas og andre islamistkrefter meir fotfeste der. Men for å roe ned, trengst det meir enn ord når fyrstikkene knitrar.

Det er også godt at Netanyahu og kong Abdullah av Jordan snakkar saman. Abdullah er vervet som vernar av Tempelhøgda. Hardt pressa som han er av islamistar i sitt eige land, av IS på grensa og av ein syrisk flyktningstraum landet knapt kan bere, er det siste han treng ei valdsbølgje på Tempelhøgda. Men han treng meir enn politisk paracet frå Netanyahu. Han treng eit Israel som tek steg i fredsprosessen med palestinarane.

For haukane blir den farlege opptrappinga berre nye argument for at «Israel treng støtte i kampen mot terror». Opptrappinga provar heller at kampen mot terror blir uråd å vinne utan å halde oppe fred med naboane, som Jordan – og verkeleg prøve å skape fred med palestinarane.

Mer fra: Nyheter