For litt over sju år sidan sat eg høggravid innandørs i sommarvarmen og strikka truser. Eg hadde det travelt. Eg skulle vaske ned og selge ei leiligheit, flytte, føde og amme og kle babyen i miljøvennlege tøybleier med heime­strikka lanolintruser. Også verda skulle reddast.