I går heldt den austerrikske forfattaren Peter Handke takketale i Ibsens fødeby, Skien. Debatten rundt Ibsenprisvinnaren har kokt i fleire veker, og Handke sjølv uttrykte i takketalen at han var i Noreg for å motta ein pris som mange av innbyggarane i landet var imot. Handke har fått hard kritikk for at han ikkje har fordømt Srebenica-massakren som eit folkemord, og for at han talte i gravferda til den tidlegare serbiske presidenten, Slobodan Milosevic. Forfattar Øyvind Berg og professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, Bernt Hagtvedt, har vore blant dei mest profilerte kritikarane. Hagtvedt, som er ekspert på folkemordstudier, seier til NRK at det «å gi Ibsenprisen til ein mann som støttar folkemord, er ein skandale og juryen bør gå av».