Den merkelege logikken i trusdebatten
Kvifor aksepterer vi, i eit kunnskapssamfunn som vårt, så mange kunnskapshol knytt til kristen tru? Kanskje kunne vi trengt ein Magnus Takvam for trusdebattar.
I førre veke møtte Mikael Bruun til Stig Lægdene til debatt i Dagsnytt Atten. Sofie Braut meiner Bruuns bibelargumentasjon blei avfeia på overflatisk vis.
Sofie Braut
Lektor og skribent
Som kristen er det alltid spennande å følgja mediedebattar der tru og livssyn kjem til overflata. Dei siste vekene har det vore mykje som har rørt på seg på nett dette feltet. Sokneprest Mikael Bruun i Sogndal har fått så hatten passar for eit konservativt syn på tenestedeling mellom kvinner og menn i kyrkja. Ein konfirmasjonstale i Nord-Hålogaland har vekt harme langt sør for polarsirkelen. Stadig vekk seier folk, meg sjølv inkludert, at vi lever i eit sekulært samfunn, men likevel skaper kristentru og kyrkjeliv svært mykje engasjement. Overraskande mange ønskjer eigarskap til det kyrkja skal formidla, også mange som ikkje eigentleg identifiserer seg som kristne.
Trusdebatten manglar ein Takvam