Analyse

Utan Oslo ville Venstre og MDG vore mikroparti

STORTINGSVALET: Den store historia om stortingsvalet 2021 er at Solberg tapte, Støre vann og KrF hamna under sperregrensa. Men her er fem andre interessante ting som skjedde i årets val.

Denne artikkelen er ein analyse av eit sakskompleks. Den gjev uttrykk for skribenten sine analysar av situasjonen.

1. Utan Oslo ville Venstre og MDG vore mikroparti

Om veljarane i Oslo hadde stemt slik som veljarane i resten av landet, så ville Venstre og MDG vore milelangt unna sperregrensa. Nesten kvar tredje stemme til desse partia kjem no frå Oslo. På nasjonalt plan var begge involvert i sperregrensedramaet, og vippa over og under dei magiske fire prosentane gjennom kvelden. I Oslo derimot, gjorde dei det historisk godt. For Venstre blei dette det beste valet i Oslo, både i oppslutnad og i absolutte stemmetal, sidan krigen. For MDG blei det beste stortingsval i hovudstaden nokon gong.

Spørsmålet er kor lurt det er for partia å samle så mange egg i ei korg. Partiet Raudt var i førre stortingsval det partiet som henta den aller største andelen av stemmene sine i Oslo. Men når partiet i dette valet nesten nøyaktig dobla seg i storleik, frå 70.000 til 140.000 stemmer, kom nesten 60.000 av desse nye stemmene frå andre kommunar enn Oslo. Det er noko partistrategane i Venstre og MDG nok må merke seg, om dei ønskjer å legge sperregrensespøkelset bak seg i neste val.

2. Sp knuser snittet (nesten) overalt

Motstykket til MDG og Venstre er Senterpartiet. Dei enda med 3,1 prosent av stemmene i Oslo – for lite til å få Ap-avhoppar Jan Bøhler på tinget. Men til gjengjeld går det mykje betre i nesten heile resten av landet. Faktisk gjer Senterpartiet det betre enn landsgjennomsnittet i heile 291 av landets 356 kommunar.

Senterpartiet kan også skryte av å vere det einaste partiet i landet som har fått meir enn 50 prosent av stemmene i heile ti kommunar. Til samanlikning kan Ap skryte av det same berre i skarve éin kommune. Ingen andre parti er i nærleiken av å klare reint fleirtal i ein einaste kommune.

Sjølv etter det rekordraude valet i 1945, var det ein større andel borgarlege representantar på Stortinget enn det blir i den komande perioden.

—  Hans Andreas Starheim, journalist

3. Men Ap knuste Sp i nord

Arbeidarpartiet heldt stand i Finnmark, og gjekk fram i Nordland og Troms. Senterpartiet gjorde også eit historisk sett godt stortingsval i nord, men samanlikna med resultatet dei fekk i fylkestingsvalet for to år sidan, gjekk partiet på ein skikkeleg skrell. Og i duellen om Nord-Norge var det game, set og match for Støre sine folk.

Det står i tydeleg kontrast til fleire målingar frå tidlegare i år. I NRK si lokale måling i april låg det an til eit reint blodbad for Arbeidarpartiet i nord. I Finnmark blei partiet i den målinga knust av Senterpartiet med ein margin på nesten 13 prosentpoeng. Andre målingar har vore mindre dramatiske, men så seint som i byrjinga av august viste lokale målingar at Senterpartiet hadde reelle sjansar til å vinne alle dei tre valkrinsane i nord. Slik gjekk det altså ikkje.

Til valganalyse: Gardermoen 20210911. 
Ap-leder Jonas Gahr Støre på Gardermoen lørdag, etter den siste partilederdebatten i Bodø fredag kveld.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

4. Borgarleg side er rekordsvak

Når det nye Stortinget kjem saman i haust, er det berre fire av ti representantar som reknar seg sjølve som borgarlege. Om ein ser bort frå det korte intermessoet i norsk politikk på 90-talet då sentrumspartia lukkast med å lausrive seg frå begge blokkene, så har borgarleg side aldri stått så svakt på Stortinget som i dag. I alle fall ikkje så lenge ordet borgarleg har hatt den meininga det har i dag i norsk partipolitikk.

Sjølv etter det rekordraude valet i 1945, var det ein større andel borgarlege representantar på Stortinget enn det blir i den komande perioden.

Talet på veljarar som har skifta side i løpet av dei åtte åra Erna Solberg har vore statsminister, er dramatisk. 333.000 veljarar har gått frå eitt av dei borgarlege partia og over til raudgrøn side. Det er sjølvsagt ikkje overraskande at regjeringsslitasje kostar etter to periodar ved kongens bord. Men til samanlikning mista Jens Stoltenberg sin raudgrøne koalisjon berre 120.000 stemmer i løpet av hans åtte år som statsminister 2005–2013.

5. Målingane bomma dobbelt så mykje i år

Om vi ser på snittet på målingane for september, så var det samla avviket mellom målingar og valresultat på 8,2 prosentpoeng for dei ni største partia. Det er om lag dobbelt så høgt som tilsvarande målingar i 2017 og i 2013.

Fleire kommentatorar peika måndag kveld på at det er vanleg at Ap gjer det betre enn dei blir målt. Men at snittet av septembermålingane bommar så mykje som i år, er ikkje vanleg. Støre sitt parti gjorde det heile 2,2 prosentpoeng betre enn dei var målt i september. I 2017 bomma målingane for Ap same månad med berre 0,5 prosentpoeng.

Ei forklaring på den store skilnaden kunne ha vore at så mange førehandsstemte i år, i høve til tidlegare år. Men førehandsstemmene viser tvert imot at Arbeidarpartiet var eitt av dei partia der det var minst skilnad mellom oppslutnaden på valdagen og på førehandsstemmene. Partiet gjekk frå 25,9 prosent på førehandsstemmene til 26,3 som endeleg resultat.

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Analyse