Finland har valt, og snart skal Danmark gjere det same.
Målingane frå sør seier at landets neste statsminister blir ein sosialdemokrat. I Sverige er regjeringssjefen sosialdemokrat og på Island styrer ein grøn sosialist.
Når Danmark har valt nytt Folketing, seinast 17. juni, kan Norges Erna Solberg vere Nordens einaste blåe statsminister.
Bragd
I Finland, i Marimekko og Nokias land, gjekk det som målingane viste: Socialdemokraterna blei størst. Men sigeren blei uhyre knapp. For med 17,7 prosent i oppslutning er partiet berre 0,2 prosent større enn det høgrepopulistiske Sannfinländarna, og med 30.257 røyster er ingen finsk politikar meir populær enn partileiar Jussi Halla-aho. Resultatet er ei bragd, mindre enn to år etter at partiet blei kløyvd i to. I 2017 marsjerte halve gruppa i Riksdagen og alle statsrådane i regjeringa ut av Sannfinländarna. I brodden for opprørarane stod utanriksminister Timo Soini, partileiaren som tok sannfinnane i regjering for første gong, i 2015.
Mannen som provoserte fram opprøret var Jussi Halla-aho. Då forskaren i kyrkjeslaviske språk blei valt til leiar sommaren 2017, sprakk partiet. Halla-aho, som sto – og står – ei stykkje ut på høgre falang, er dømt for hets mot folkegruppe.
No drøymer han om å bli ny innanriksminister.
Størst
Fordi Socialdemokraterna blei størst, går oppdraget med å gje Finland ny regjering til leiar Antti Rinne. Han er sterkt motivert, for partiet har ikkje hatt regjeringssjefen sidan 1999.
Riksdagsvalet stadfestar europeiske trendar; store, gamle statsberande parti blir reduserte og partilandskapet blir meir fragmentert ved at nye parti som grøne og populistar vinn terreng.
I Finland kom ingen parti over 20 prosent i oppslutning; dei tre største fekk alle litt over 17 prosent. Rett bak Socialdemokraterna og Sannfinländarna kom Samlingspartiet, Finlands Høgre.
Valet blei ein skikkeleg nasestyvar for Centern, partiet som har vore sentralt i oppbygginga av den finske etterkrigsvelferdsstaten, og som har hatt statsministeren dei siste fire åra. Partiet blei berre fjerde størst og mistar heile 18 av 49 representantar i Riksdagen. Nederlaget skuldast i hovudsak at det ikkje lukkast med å få gjennom ei stor helsereform i Riksdagen. Ikkje sidan 1917 har Centern hatt under 35 representantar i Riksdagen.
Klima
To tema prega valkampen, først asyl og innvandring, så klima. Sannfinländarna vann stort på båe, De Gröna berre på det siste. I Helsinki røysta kvar fjerde veljar på miljøpartiet, og med det blei De Gröna hovudstadens største parti. Åtte dagar før valet marsjerte over 10.000 menneske gjennom Helsinkis gater. Finlands største klimademonstrasjonstog kravde at styresmaktene må få ned klimaavtrykket.
I den nye Riksdagen blir De Gröna det femte største partiet. Oppslutninga enda på 11,5 prosent.
Sannfinländarna surfa også på ei klimabølgje. I innspurten sa Jussi Halla-aho at han var eit alternativ til «klimahysterikarane», og då alle parti i Riksdagen sto saman om ein klimaavtale, stilte sannfinnane seg på sidelina og sa nei til å skrive under. Populistprotestane gav resultat.
Regjering
23.-26. mai er det val på nytt EU-parlament. Innan det bør Antti Rinne ha snekra saman ei ny regjering. Finland har tradisjon for regnbogekoalisjonar, men det fragmenterte resultatet gjer vårens arbeid vanskeleg. Socialdemokraterna og Samlingspartiet har styrt saman før, men båe må svelgje kamelar om dei skal finne saman på nytt.
Men eitt er sikkert; bakom alt og alle svinsar Sannfinländarna. Og i Finland står ikkje høgrepopulistiane ut i kulden.
Journalist i Vårt Land