Litteratur

Vårt Lands vesle «serie» der vi intervjuar USAs leiande litteraturkritikarar og intellektuelle, er vi denne gongen komen til Daniel Mendelsohn. Til sams med James Wood og Kristin Dombek, som vi har intervjua tidlegare, har også Mendelsohn ein sterk affinitet for bibelkunnskap.

Men først: Kven er Daniel Mendelsohn, og kvifor er han viktig? Som kritikar er namnet hans tett kopla til toneangivande tidsskrift som The New Yorker og The New York Review of Books, og det vekentlege bokbilaget til storavisa The New York Times. Han er også kjent som forfattar, og fekk verdsomspennande suksess med boka Forsvunnet (The Lost), der han prøvde å finne ut kva som skjedde med slektningane som forsvann under Holocaust.

Det norske Athen

Nyleg var Mendelsohn i Noreg for å promotere si nye bok, En odyssé, ei danningsreise i fotspora til Homer og det klassiske greske verket­ Odysseen. Han har også vore her til lands fleire gongar tidlegare, mellom anna som deltakar på Norsk-amerikansk litteraturfestival.