Bøker

Kvinnene som forsvann

Kva ville Jesus sagt til alle dei mennene som har undertrykt kvinna i hans namn? spør den svenske feministen Gunilla Thorgren i ei ny bok.

Gunilla Thorgren medlem i Grupp 8, som dreiv politisk kvinnekamp i Sverige på 1970-talet, og har vore brennande opptatt av kvinnesak omtrent heile livet. Bibelen hadde ho aldri lese. Men då ho først gjorde det, byrja ho å skjøne kor spiren til alle ujamheitene mellom kjønna låg – ikkje nødvendigvis i sjølve teksten, men i fortolking og utval.

Eit år brukte Thorgren på å lese Bibelen grundig, og i tre år til las ho seg opp bibel-forsking. Resultatet er boka Guds olydiga revben, som kom ut i Sverige i september i år, som tar eit oppgjer med heile den kristne idéhistoria. Med støtte frå feministiske forskarar viser ho korleis kvinnenes rolle i kristendommen til stadigheit har blitt redigert vekk og gjort mindre.

Naiv

– Eg hadde eit naivt utgangspunkt, for eg kunne ingenting. Men eg vart frykteleg opprørt då eg byrja lese. Her fanst det mykje som eg kjende att frå min barndom, og eg skjønte kor stor del av min kulturarv dette faktisk er, fortel ho.

Ho byrjar med Det gamle testamentet, og, ikkje overraskande, finn ho mange historier om nedvurdering av og vald mot kvinner.

– Mange moderne teologar les dei brutale historiene i Det gamle testamentet som eit uttrykk for eit verdssyn frå ei svunne tid. Kva får ein ut av å lese dette med feministiske briller?

– Ja, eg høyrer korleis mange bibelfortolkarar seier at dei har lagt denne delen av Bibelen bak seg. Men vi kan ikkje berre riste det av oss, for dette har jo fått feste i kulturen vår – ikkje minst gjeld dette skapingssoga, som har spelt ei viktig rolle i å etablere oppfatninga av at kvinna er mindre verdt enn mannen i kristendommen.

LES MEIR: 'Ingenting er for stort for Sigrid Undset'

Jesu kvinnesyn

Neste kapittel i Guds olydiga revben tar for seg Det nye testamentet, og lesarane kan puste letta ut ved Gunillas møte med Jesu kvinnesyn. I fleire passasjar frå evangelia som Thorgren har samla, viser ho kor høgt Jesus sette kvinnene.

– Kjernen i bodskapen til Jesus er at kvinna er like mykje verdt som mennene, fortel Thorgren, som ikkje har funne ein einaste passasje i evangelia der Jesus støtter mannens overlegenheit over kvinna. Tvert imot forsvarer han kvinnene og viser dei lojalitet og respekt, gang på gang.

– Forsking viser også at dei som først Jesus knytte seg til Jesus, var kvinner – både prostituerte og fattige, men også velståande – og at han hadde sju kvinnelege apostlar.

– Vart du overraska?

– Ja, det vart eg. Det er ikkje dette som kjenneteiknar den kristne idéhistoria.

Vekk med Paulus

Ho vart forundra over den antiautoritære krafta og det positive kvinnesynet i den tidlegaste Jesus-rørsla.

– Dette kunne like gjerne blitt kristendommen, men det vart det ikkje, seier Thorgren.

Her får Paulus noko av skulda.

– Paulus går tilbake til Det gamle testamentet og løfter fram igjen det kvinnesynet han finn der. Han var jo fostra i jødedommen. Han kunne heller ikkje vite kva som står i evangelia om det Jesu forkynte.

Tok vi vekk Paulus frå Det nye testamentet, skriv Thorgren, kunne vi nemleg hatt ei kristendomshistorie tufta på Jesu bodskap: respekt for kvinna, nestekjærleik, sjenerøsitet mot dei fattige og omtanke for barna.

Maktkamp

Thorgren, og forskarane ho viser til, meiner kvinnene spelte ei heilt sentral rolle i at den kristne rørsla vaks seg så stor så raskt. Medan Jesu mannlege apostlar levde i skjul, opna kvinnene i den tidlege rørsla heimane sine, også for ikkje-jødar, og forkynte Jesu lære.

– Vi lærer jo at det var Peter som var leiar. Men forsking tyder på at det var Maria Magdalena som var kristendommens første leiar, seier Thorgren.

Etter kvart tok mennene over kontrollen, slik Thorgren tolkar det, og kvinnene vart marginaliserte. Deira rolle og teologi vart i korte trekk redigert bort eller omfortolka, i ein maktkamp som utspelte seg i kristendommens første hundreår, der tidlege ortodokse biskopar omforma kristendommen til ein patriarkalsk religion.

LES OGSÅ: Maria – fra myndig til yndig

Historieforfalsking

Maria Magdalena var frå byrjinga eit problem for desse biskopane, slik Thorgren uttrykker det. Forsking viser at ho var ein av Jesu apostlar, kanskje den som Jesus sette høgast av alle. Ho er vitne til oppstandelsen, og ho får instruksar frå Jesus om å formidle hans lære til dei andre disiplane.

– Dei første kyrkjefedrane var også positive til henne. Men så byrja teologane å tolke historia om henne på nytt. Ho vart assosiert med alle syndige, namnlause kvinner i evangelia. Til slutt er det Gregorius den store sitt konstruerte bilde av henne som angrande prostituert som har underkasta seg, som blir ståande for ettertida, fortel Thorgren.

Historieforfalsking, kallar ho det.

– Det er denne Maria Magdalena vi finn overalt, ikkje minst i kunsten, ei lettkledd, syndig kvinne – når ho eigentleg kanskje var den klokaste og fremste av apostlane.

LES OGSÅ: Kvinner som endret Europa

Kvinneforakt

Thorgren var også overraska over kor lite Bibelen kan fortelje oss om Maria, mor til Jesus. Vegen frå bibelteksten til den heilage jomfrua vi kjenner i dag, er ikkje lett å få auge på.

– Her har ein forma eit kvinneleg førebilete som ein ønskjer at vi skal ha: ei urørt kvinne som ikkje eingong har hatt samlege når ho er gravid.

I boka skildrar Thorgren korleis bildet av kvinna som syndig freistarinne og underlagt mannen vart forma og oppretthaldt av teologar gjennom hundreår. Vi får også eit innblikk i motstand og forsøk på å tolke annleis og løfte fram igjen Bibelens kvinnelege førebilete i forteljingar om Hildegard von Bingen og Heilage Birgitta, for å nemne nokre.

– Mange som har meldt boka mi, seier at ein må ha studert teologi for å kunne snakke om desse tinga. Men ingen vil ta tak i bodskapen min om at mykje av den kristne idéhistoria, som framleis former samfunnet og kvinnesynet vi har i dag, er tufta på frykt og forakt for kvinna. Endå ein ikkje kan finne spor av kvinneforakt i noko av det Jesus seier.

---

Gunilla Thorgren

  • Gunilla Thorgren (fødd 1943) er ein svensk forfattar og journalist.

  • Ho var medlem i Grupp 8, som spelte ei viktig rolle i kvinnerørsla i Sverige på 1970-talet. Ho har vore redaktør for det sosialpolitiske tidsskriftet Pockettidningen R og statssekretær i det svenske Kulturdepartementet.

  • Blant hennar tidlegare utgivingar finn vi boka Ottar och kärleken (Norstedts 2011), ein biografi om kvinnesakskvinna Elise Ottesen-Jensen.

  • Aktuell med boka Guds olydiga revben (Norstedts 2017), om dissonansen ho ser mellom kvinnesynet som har blitt forfekta i mykje av den kristne idéhistoria, og det som Jesus sjølv formidla.

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker