Ikkje berre skal skulda bli tatt bort
TREDJE SØNDAG I FASTE: Josva ber folkets synd på kroppen sin i form av ei skitten kappe. Og Herren tek bort skulda som øvstepresten ber på vegner av folket.
Han viste meg øvstepresten Josva, som stod framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål mot han. Herren sa til Satan: «Herren refsar deg, Satan! Herren, som har valt ut Jerusalem, refsar deg! Sanneleg, denne mannen er ei vedskie raka ut or elden.»
Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen. Engelen tok til ords og sa til dei som stod framfor han: «Ta av han dei skitne kleda!» Til Josva sa han: «Sjå, eg tek bort skulda di og kler deg i festklede.» Då sa eg: «Set ein rein turban på hovudet hans!» Dei sette den reine turbanen på hovudet hans og tok på han kleda medan Herrens engel stod der.
Sakarja 3,1–5