Steng farvatnet, men hald grensa open

Det er avgjerande at russarar som flyktar frå regimet kan få opphald og tryggleik i Norge, men det er ingen grunn til at russisk etterretning skal få tilgong til norsk farvatn utan los.

Bildet viser russiske fiskebåter ved kai i Kirkenes. Den mindre båten i forgrunnen er norsk.
SPIONASJETRUGSEL: Russiske skip bør ikkje kunne segle fritt i norsk farvatn utan norsk los, men grensa bør framleis bli halden open for russarar på flukt, skriv Vårt Land på leiarplass.
Publisert Sist oppdatert

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Fleire har tatt til orde for at Norge bør stengje grensa mot Russland ved Storskog i Aust-Finnmark, mellom anna Høgre og Frp. Førre veke stengde Finland grensa for russiske statsborgarar på turistvisum, medan russarar som søkjer asyl på grunn av krigen i Ukraina framleis kan finne tryggleik i landet.

Den norske justisministeren, Emilie Enger Mehl (Sp), har vore klar på at Norge vil halde grensa open for russarar som flyktar frå regimet. Klokt nok er det sett i verk fleire tiltak på grensa mot Russland for å hindre fri flyt. Fleire har til dømes uroa seg for om russisk etterretning kan skjule seg blant russarane som søkjer asyl i Norge. Auka tryggingstiltak på grensa er derfor positivt, så lenge grensa framleis vert halden open.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS