Likestillinga har framleis ikkje gått for langt
Derfor skal næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) ha skryt for å sikre strengare krav til kjønnsbalanse i norske styre.
GJENNOMSLAG: «Det ikkje er i tråd med liva vi lever i» at sju av ti aksjeselskap har berre menn i styret, meiner næringsminister Jan Christian Vestre (Ap). Derfor er det bra at han no har fått på plass ei avtale som skjerpar krava, skriv Vårt Land på leiarplass.
Annika Byrde/NTB
Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Måndag vart det klart at regjeringa føreslår at også mellomstore og store selskap skal ha 40 prosent kjønnsbalanse i styret. I dag er det slike krav i allmennaksjeselskap (ASA) og i dei fleste offentleg eigde selskap.
Næringsminister Vestre seier til NRK at kravet no vert skjerpa for «å auke verdiskapinga og lukkast med omstillinga må vi ta alle ressursane i samfunnet i bruk». Vidare seier ministeren at forslaget markerer eit tidsskilje for likestillingsarbeidet i norsk næringsliv, og at forslaget er utarbeidd i nært samarbeid med partane i arbeidslivet; NHO og LO.