Laksenæringa speler eit ureieleg og uverdig spel

Statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum må ha is i magen om grunnrenteskatt, trass i det heftige køyret frå laksenæringa no.

Tre område blir tilrådde til havbruk til havs av Fiskeridirektoratet. Dei ligg utanfor Stavanger, Hitra og Træna. Dette oppdrettsanlegget ligg i Frohavet på trøndelagskysten. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
SPEL: Laksegigantane har nytt godt av våre felles ressursar, og bør no betale for seg, skriv Vårt Land på leiarplass.
Publisert Sist oppdatert

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Mandag varsla laksegiganten Salmar massepermitteringar, og skulda på den føreslåtte lakseskatten. Opposisjonen på Stortinget heng seg på næringa sin kritikk, slik Venstre-representant Alfred Bjørlo gjer då han seier: «Dette er dessverre virkeligheten i oppdretts-Norge nå. Det er dramatisk. Jeg forstår ikke at regjeringen velger å nærmest tvinge dette gjennom».

Det er ein lite faktabasert kritikk, og kan nesten minne om utpressing mot den politiske avgjerda om å innføre grunnrenteskatt på lakseoppdrett. Fakta er at massepermitteringar er heilt vanleg praksis i laksenæringa. For om lag eit år sidan permitterte Salmar kring 600 tilsette. Mandag permitterte dei 851 tilsette. I tredje kvartal tente selskapet over ein milliard kroner på drifta.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS