Historisk grep mot leiarløningar
Politikk handlar om å ville – og gjennomføre. Der er næringsminister Jan Christian Vestres kamp mot den aukande ulikskapen i Norge eit føredøme.
ULIKSKAP: Den unge næringsministeren Jan Christian Vestre (Ap) tar historiske grep mot den aukande ulikskapen i Norge. Det fortener honnør, og mest sannsynleg ein plass i historiebøkene, skriv Vårt Land på leiarplass.
Stian Lysberg Solum/NTB
Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
«Jeg vil være en næringsminister som utretter noe», sa næringsminister Jan Christian Vestre då han denne veka varsla nye tiltak mot skyhøge leiarløningar i staten. Og det viser han sanneleg: I regjeringa si eigarskapsmelding som vart lagt fram fredag vert det gjort klart at ingen toppleiar i staten skal ha større lønsutvikling i kroner og øre enn dei tilsette.
Det er eit radikalt skifte, og det trengst. Som Vestre sjølv seier: «Det er ingen eierskapsmelding som har gått så langt før. Det er en kraftig innstramming».