Gatekampar er aldri akseptabelt
Gatekampane mellom eritreiske innvandrargrupper i Bergen er langt over det storsamfunnet skal akseptere. Politiet bør lære av situasjonen som i helga kom heilt ut av kontroll.
OPPTØYAR: Det var heftige kampar i Bergen på laurdag. Dei styrkar ikkje demonstrantane si sak, skriv Vårt Land på leiarplass.
Tuva Åserud/NTB
Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Mange var vitne til opprørande bilete og videoar frå Bergen laurdag, der to grupper av eritreiske innvandrarar barka mot kvarandre i det som kan karakteriserast som gatekampar. Ved bruk av stein og slagvåpen kjempa demonstrantar mot kvarandre, og mot politiet. Opptøyane oppstod i forbindelse med eit eritreisk arrangement i regi av Den eritreiske foreningen, for å markere 30-årsdagen for eritreisk sjølvstende.
Laurdag var også over 150 personar vart skadde i samanstøyt mellom demonstrerande eritreiske asylsøkjarar og politi i Tel Aviv. Tidlegare i sommar skjedde det same under eit eritreisk festival i Stockholm.