Ein hyllest til Bjørnar Moxnes
Det er førebiletleg av Raudt-politikaren å vere så open om sine psykiske problem. Han har allereie tatt konsekvensane av handlingane ved å trekke seg. No treng Moxnes støtte og omsorg, ikkje fordømming.
KOSTNAD: Det kostar å vere open, erkjenne alvoret og ta ansvar på den måten Moxnes no gjer. Det er vanskeleg nok for mange å innrømme eigne problem for seg sjølv. Å attpåtil fortelje det til heile Norge er nok særs krevjande, skriv Vårt Land på leiarplass.
Fredrik Hagen/NTB
Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Denne veka vart det kjend at tidlegare Raudt-leiar Bjørnar Moxnes innrømmer fem nye tjuveri. «Det er skikkelig vanskelig å innrømme for meg selv og alle andre at jeg har et psykisk helseproblem», sa Moxnes til VG.
Då det i sommar vart avslørt at Bjørnar Moxnes hadde stole eit par solbriller frå ein butikk på Oslo lufthamn, enda det med at han måtte trekke seg som partileiar. Det heile var vanskeleg å forstå. Korleis kunne ein erfaren og godt likt politikar som Moxnes ofre heile si politiske karriere for noko så lite?