Då Gud kom inn i lova
Magnus Lagabøte opplevde det som eit kall frå Gud å lage Landslova av 1274. Det sette sitt preg på autoriteten til heile lova.
GUD: Det er vanskeleg å overvurdere effekten Magnus Lagabøtes landslov har hatt på det samfunnet vi dagens menneske lever i, skriv kommentator Emil André Erstad i denne første leiarartikkelen i ein serie artiklar om Landslova av 1274.(Foto: Cornelius Poppe)
Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Vi har allereie brukt mykje av året til å feire Magnus Lagabøtes landslov av 1274. Ikkje utan grunn: Den stod for ei radikal omvelting av samfunnet vårt.
Rettshistorikar og forfattar Jørn Øyrehagen Sunde har skrive om korleis den unge Magnus som tiåring i Bjørgvin overlevde eit lynnedslag, med det han sjølv opplevde som eit Guds mirakel.