Bøker

Å dømme ­enkeltmenneske

Nei, metoo har ikkje gått for langt. Men det kan vere smart å ha to tankar i hovudet samtidig.

«Metoo-bevegelsen viste at kvinner som sier 'jeg vitner', når de blir møtt og lyttet til, slutter å være et offer,» seier Witt-Brattström i eit intervju med Vårt Land. Witt-Brattström er aktuell i Sverige med boka Historiens Metoo–vrål, og ho løfter fram noko som er sårt sakna: Eit litteraturhistorisk fundament for metoo-rørsla.

Måtte gå

Det er interessant å ha Witt-Brattstöms ord i bakhovudet­ når ein les essayet av Ian Buruma som Klassekampen trykte denne veka. Buruma var redaktør i New York Review of Books, men måtte i fjor gå av etter å ha trykt eit essay av den kanadiske radio- og TV-kjendisen Jian Ghomeshi. Ghomeshi var klaga for seksuell trakassering og overgrep av fleire kvinner, men vart frikjend etter å ha blitt stilt for retten. I essayet som vart trykt skreiv Ghomeshi om korleis han opplevde alt dette.

Det var for mykje for mange, og da Buruma ikkje ville beklage at han trykte essayet, måtte han gå.

Mannens perspektiv

Metoo var eit stort og viktig løft, ikkje minst i det litterære landskapet. Det er å håpe på at det vil ­halde fram å vere ei viktig drivkraft framover. Men metoo har òg i visse tilfelle skapt ein problematisk mekanikk. Burumas avgang er eit eksempel på det. Eit anna eksempel er den svenske journalisten­ Fredrik Virtanens historie, som no finnes på norsk i boka Uten nåde – en ransakelse. Virtanen skal i denne boka fortelje korleis han opplevde i det offentlege å bli klaga og dømt som overgripar i kjølvatnet av metoo.

Ein offentleg gapestokk er ingen god måte å dømme nokon for brotsverk, like lite som media er egna til å fordele ansvaret for rett og galt. Det er viktig å ta med seg i det vidare arbeidet som metoo har satt i gong i det litterære landskapet. Eva Witt-Brattström har heilt rett når ho seier at kvinner har blitt «fortiet»:

«Litteraturhistorien har vært skrevet fra et perspektiv der ­mannens erfaringer er de som regnes med. Kvinners erfaringer har vært usynliggjort. Selv hadde jeg ikke virkelig forstått hvilken betydning overgrepene mot kvinner hadde, verken i litteraturen eller i virkeligheten, før metoo.»

Svekka truverd

Perspektivet som Witt-Brattström løftar fram burde fint gå saman med ei større varsemd mot å dømme ­enkeltmenneske som skuldige eller ikkje skuldige. Det er ­viktig å bli klar over kven som er overgripar og offer, men det ­betyr ikkje at det skal bli eit tabu å la ein klaga overgriper sleppe til. Truleg vil kvart enkelt tilfelle i slike sakar vere vanskelege. Men truverdet til eit viktig oppgjer som metoo kan bli svekka på grunn av saker som Burumas avgang og Virtanens historie.

Leder / Lars Petter Sveen

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker