Poesien er ikkje død. Han er ikkje eingong sengeliggande. Dette veit alle som er opptatt av salmesong og bibellesing, og dette veit alle som interesserer seg for norsk samtidslyrikk. Det blømer i den norske dikthagen, der unge namn kjem til og den eldre garde støtt skyt nye knoppar.

Poesien er ikkje død, og det kan vi mellom anna takke Olav Angell for. Forfattaren og gjendiktaren som gjekk ut av livet for to veker sidan, har spela ei viktig rolle for utviklinga av den norske lyrikken. Angell var sjølv poet, han introduserte viktige amerikanske poetar for eit norsk publikum – han gjendikta til dømes Allen Ginsbergs «Howl» – han gav ut ei rekke nummer av poesitidsskriftet Poetica, og han var ein av drivkreftene bak Oslo Internasjonale Poesifestival på midten av 1980-talet.

Kjærkommen arena

Når Oslo Internasjonale Poesifestival opnar fredag, er det på sin plass å minnest Angell. Sidan Birgit Hatlehol starta opp att festivalen i 2005, har han vore ein kjærkommen arena for poetisk praksis i hovudstaden. Og likt Angell, er festivalen heller ikkje framand for det musiske – både når det gjeld inspirasjon og musikk. «Rap og poesi» er eit stikkord for årets festival.

Opningsforedraget i kveld blir halde av den amerikanske poeten og litteraturvitaren Mia You. Ho vil drøfte korleis poesien kan opne for empati med andre menneske. Dette er ein av dei store styrkane til skjønnlitteraturen. Og poesien har ein særleg evne til å nå inn bak skalet vårt. Det har med klang og rytme å gjere, og ikkje minst intensiteten og fortettinga i språket.

Våge å opne opp

Så er det likevel ein del som opplever poesien som eit vanskeleg tilgjengeleg, endåtil avlåst, område. Samtidig kan dei la seg røre av god songlyrikk. Kanskje handlar det mest om kva slags poesi vi vågar å sleppe innpå oss. Om vi gir orda ein sjanse, kan dei få verkekraft.

Oslo Internasjonal Poesifestival er ein av fleire rosverdige aktørar som løftar fram lyrikken for eit interessert ålmennpublikum. For under ein månad sidan kom det nesten 5000 menneske på Ulvik poesifestival i Hardanger. Heimstaden til poeten Olav H. Hauge var i år festivalarena for tiande gong. Om lag 110 utøvarar deltok, og publikum var både kortreist og langreist.

Poetisk oppdrift

Det kan verke som om publikumsoppslutninga var noko mindre på Nordisk poesifestival/Rolf Jacobsen-dagene tidlegare i år, ut frå Dagbladets tittel i etterkant, «Poesi uten publikum». Det er likevel noko som skurrar med tittelen, for det blei sett publikumsrekord (2200) på Hamar i fjor. I mine auge synest det som om Rolf Jacobsen-dagene har opparbeidd seg eit renommé som er eigna til å trekke både poetar og publikum.

Den poetiske oppdrifta er kanskje vel så sterk i Bergen, der klubbkonseptet Poesidigg og Audiatur – Festival for ny poesi har festa eit særs sterkt grep om den nordiske samtidspoesien. Den utrøyttelege poeten og eldsjela Henning H. Bergsvåg skaper entusiasme kring den digge poesien. Audiatur, som vart etablert av Martin M. Sørhaug og noverande Vagant-redaktør Audun Lindholm i 2003, gjer genistreken å gi ut antologiar knytt opp mot festivalen.

Solid poesiarbeid

Det blømer i poesien. Og då har eg ikkje eingong nemnt Jørn H. Sværen og det fortenestefulle arbeidet hans med poesiantologien Den engelske kanal. Eller Mathias R. Samuelsen og Rune F. Hjemås, som går i fotspora etter Olav Angell med antologien Ny amerikansk poesi.

Ei rekke interessante norske poetar er for tida aktuelle med diktsamlingar, frå debutanten Katrine Heiberg til meir etablerte Casper André Lugg, Inger Elisabeth Hansen og «the grand old lady», Eldrid Lunden.

La ordet om poesien bli kjent!