For nokre år sidan fekk Gaute Heivoll mykje merksemd for romanen Før jeg brenner ned, som tok utgangspunkt i hendingar frå hans eiga sørlandske heimbygd, Finsland. Med romanen Sang for sekstiåtte forrædere er forfattaren tilbake på dei same traktene, denne gongen med ei forteljing om korleis 68 av innbyggarane i den vesle heimbygda blei NS-medlemmar under andre verdskrigen.