Bøker

Ein song om svik og forsoning

Gudstru og forsoning spelar ei viktig rolle i Gaute Heivolls nye roman om bygdefolket som meldte seg inn i NS under andre verdskrigen. – Trua er ikkje ei forsikring mot å gjere politiske feilslutningar, seier han.

For nokre år sidan fekk Gaute Heivoll mykje merksemd for romanen Før jeg brenner ned, som tok utgangspunkt i hendingar frå hans eiga sørlandske heimbygd, Finsland. Med romanen Sang for sekstiåtte forrædere er forfattaren tilbake på dei same traktene, denne gongen med ei forteljing om korleis 68 av innbyggarane i den vesle heimbygda blei NS-medlemmar under andre verdskrigen.

– Det er ei spesiell historie som nærmast har bede om å bli skriven ned som ein roman. Eg har hatt historia i medvitet, til og frå. Men først då eg begynte å skrive om ein gut med store musikalske evner, fann eg ei form som kunne forløyse stoffet, fortel Heivoll.

Brennbart

Guten heiter Andreas og blir lagt merke til både i kyrkja og på bedehuset for den vakre musikken han skaper. Andreas går inn og ut hos dei ulike menneska i bygda og er for Heivoll eit viktig bindeledd i å sy saman historia der eit kollektiv av ulike personar er med.

– Eg har ikkje skrive inn så mange ulike personar i ein roman før. Dette har vore noko av gleda ved å skrive denne boka, at eg er i stand til å skrive på ein ny måte, seier forfattaren.

– Du har vald eit brannbart emne for boka. Kva gjer det med ei lita bygd når så mange melder overgang til fienden, så å seie?

– Reint historisk har det vore ein stor tausheit rundt dette. ­Ingen i min generasjon har mykje kunnskap om hendingane, det er blitt dyssa ned og malt over. I dag har vi ein open kultur der også vanskelege ting skal fram i lyset, men menneska på den tida såg motsett på det – det vanskelege skulle ned i mørket. Difor sit vi i dag med veldig mange spørsmål. Det er vanskeleg å forstå korleis det kunne skje at veldig mange menneske som burde visst betre, kunne melde seg inn i NS under andre verdskrigen.

Ikkje tullingar

Heivoll peikar på at ei av forklaringane kan vere at ikkje alle hadde oversikt over situasjonen, i tillegg til karismaen til ein sentral aktør i bygdesamfunnet, butikk­eigaren.

– Samtidig var det mange som visste at NS-medlemskap var feil og ei skam. Det var jo ikkje snakk om ei bygd full av tullingar. Men det var mange enkeltfaktorar som slo inn. Det kunne også ha skjedd andre stader i Noreg, meiner Heivoll.

Romanskrivinga har på mange måtar vore eit avdekkingsarbeid, der forfattaren har måtta komme seg inn under «overmålinga» gjort av tidlegare generasjonar. Undervegs i research-arbeidet opplevde Heivoll at folk ikkje visste at bestefaren deira hadde vore NS-medlem. Forteiinga hadde lagt lokk på historia.

– Det er også ei forteljing om forsoning du har skrive. Korleis?

– Forsoninga kjem frå ein av personane som eigentleg har mykje å hemne, etter å ha blitt sendt til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Han held ein tale i kyrkja om forsoning, som truleg kostar han ordførarvervet. Det var mange som hadde behov for hemn. Men for han sjølv var det gudstrua som skein igjennom når han talte om at dei måtte legge fortida bak seg, han var ein truande mann. Det står respekt av det, sjølv om det var ein framand måte å gjere det på, meiner Heivoll.

Tru på Gud

Gudstru var likevel ikkje ein garanti for å hamne på rett side under krigen. Det fanst truande blant NS-medlemm­ane i Heivolls heimbygd, og Gud blei brukt – eller misbrukt – på NS-møte.

– Trua er ikkje ei forsikring mot å gjere politiske feilslutningar, seier Heivoll.

Sentralt i romanen og spørsmålet om forsoning står songen og salmesongen, som alle i bygda har felles. I songen gløymer folk kven som er forrædarar. Heivoll seier at han har ønskt å undersøke kor vidt kunsten kan spele ei samlande rolle.

– Det ligg ei forsonande kraft i kunsten, men det er heller ­ikkje sikkert at det er nok, seier Heivoll.

Kyrkje og bedehus er naturleg til stades i Heivolls roman. Det er heller ikkje så store motsetningar mellom kyrkje- og bedehusmiljøet. Heivoll fortel frå heimbygda at han veit at prestane kunne vere med på oppbyggingsmøte på bedehuset.

– Sjølv tok eg del i ein del kristelege aktivitetar i regi i barndommen. Eg kjem ikkje frå ein aktiv familie, men var med i barnekor, Yngres og avhaldslaget for barn. Dette lærte vi grundig. Eg kjenner ei tilhøyrsle til desse tinga, som grunnar i at eg ikkje har negative erfaringar med dei. Som forfattar har eg difor skrive mykje om kyrkja, særleg.

Rause kristne

– Korleis opplever du responsen frå kyrkjelege­ miljø?

– Den har vore veldig stor og veldig positiv. Det er ei openheit og interesse for bøkene mine frå kyrkjeleg hald, og eg har fleire gongar snakka for eit kyrkjeleg publikum. Eg nærmar meg jo ikkje desse tematikkane frå ei truande sin ståstad, men frå ein forfattar sin ståstad. Eg kan også harselere, slik eg gjer i barneboka om dei sju dødssyndene. Difor synest eg det er ­ekstra raust at eg blir tatt imot på ein så positiv måte, seier Heivoll.

Det gamle bedehuset i Heivolls heimbygd er i dag blitt til ein garasje. Men forfattaren har mange minne knytt til huset. Han meiner at han skriv om kyrkjelege tematikkar på same måten som erfaringane hans frå oppveksten – han var ein del av det, men samtidig litt på utsida.

– Romanen din handlar om brotsverk og straff, skuld og soning, skam og tilgiving. Det er denne typen tematikkar du er opptatt av som forfattar?

– Ja, tydelegvis, når eg skal skrive, så er det dette som kjem! Det melder seg naturleg. Eg kan ikkje forklare det. Men det er jo slik at ein vender attende til det miljøet ein kjenner. Det er det som gir meg krafta som skal til for å kunne klare å skrive.

Kontakta familiar

– Kva slags etiske vurderingar måtte du gjere i handsaminga av det historiske stoffet du brukar i romanen?

– Eg har jo vore borte i slike vurderingar tidlegare. For meg går det eit skilje mellom det faktiske og det fiksjonelle. Roman­­ver­sjonen er ein tredje versjon som har henta ting frå begge leirar. Dette må ein ha in mente, samtidig som romanen heller ikkje må bli skadelidande. Eg har vore i kontakt med familien til dei sentrale historiske personane og fått deira aksept for at eg skriv om dei. Og eg ønskjer ikkje å vere fordømmande, men har forsøkt å gi alle dei eg skriv om, ei menneskeleg side.

Heivoll er likevel budd på at det kan komme reaksjonar. Han veit at det er somme som har ønskt at boka ikkje skulle komme ut.

– Eg trur likevel at romanen kan gi eit tydelegare bilete av kva som gjekk føre seg under krigen, så etterkommarar og andre kan forstå meir av det som skjedde, seier Gaute Heivoll.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker