Kultur

– Viser at samanhengande historier er viktige

Professor Thomas Hylland Eriksen ser med Wikipilation at det å strukturera kunnskap blir viktige prosjekt i framtida

Thomas Hylland Eriksen blei fascinert av bokprosjektet til Njål Helgheim og tok fram boka i bokspalten sin i Morgenbladet tidlegare i år. Han meiner bokprosjektet er eit eksempel på korleis det å strukturera kunnskap og informasjon blir til viktige frittståande prosjekt i seg sjølv. Liknande prosjekt blir viktige i framtida, meiner sosialantropologen.

LES OGSÅ: Teiknar opp ny verdshistorie

Engelsk dominans

– Internett har blitt ein utømmeleg kjelde til kunnskap. Det har blitt ein jungel. At nokon brukar tid på å sjalta ut informasjon og laga samanhengande historier blir utroleg viktig, seier Eriksen.

Slik Helgheim legg det fram er dei allereie eksisterande søkemotorane ikkje nøytrale framsyningar av verda. Eriksen er einig i mykje av den ana­lysen.

– Me lever i ei verd som er utroleg dominert av det engelske språket. Slik er alle, også Helgheim, bunden av det han sjølv forsøker å motvirka. Han har uansett gjort ein heiderleg innsats, fortel Eriksen.

SE OGSÅ: Min tro med Thomas Hylland Eriksen

Endelaust

Njål Helgheim har basert heile verket sitt på Wikipedia. Ved å bruka søkefunksjonane har han leita seg fram og laga eit nytt oppslagsverk. Filmsamlingane har han lagt inn i ei tidsline.

– Han har brukt ein kunnskap som ligg der ute, som tilhøyrer alle og ingen, og på mange måtar laga ein ny verdshistorie gjennom filmsamlingane han har sett saman.

Verken verdshistoria, filmhistoria eller Wikipilation er på langt nær slut. E-bokformatet muliggjer for at boka forblir uferdig. Eriksen meiner Helgheim har laga eit endelaust prosjekt.

– Det gjer at boka ikkje skal lesast frå perm til perm, men heller at ein skal nytta søkefunksjonen. Er eg oppteken av frigjeringskrigen i Somalia så kan eg søka opp just det, seier Eriksen.

At Helgheim ikkje har overlatt prosjektet til friviljuge ­internettbrukarar meiner Eriksen var ein fordel. Slik forsvann verken særskapen eller heilskapen. Kvart hus treng ei byggjeleiar, meiner Eriksen.

– Det er lik det å laga eit kurs på universitetet. Det blir omstridt, men det får behalda ein indre samanheng.

– Viser at samanhengande historier er viktige

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur