Ngugi wa Thiong’o debuterte i 1962, året før Kenya etter årevis med opprør fekk sjølvstende frå britane. Landet hadde vore britisk koloni sidan 1895. Han markerte seg tidleg som ei viktig samfunnskritisk røyst og har fått enorm betyding for fremjinga av afrikansk kultur og språk. I dag blir han ofte nemnd som kandidat til å få Nobelprisen i litteratur.