Klima

– Vil ikkje ta med katten i klima- og miljørekneskapen

Dyreeigarar blir gjerne assosierte med dyreetikk, som fort blir nemnd i same ordskiftet som biomangfald, miljø og klima. Men kva når katten og hunden står for øydeleggingane?

Bilde 1 av 3

– I klimadebatten har kjøt blitt den store stygge ulven, men kjøtprodukta til hunden og katten­ har ikkje blitt kasta lys over. Det nyttar ikkje berre å kritisera ­delar av kjøtproduksjonen, seier professor i husdyrernæring ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU), Odd Magne Harstad.

Lite konkret

Harstad uttala nyleg til forsk­ning.no at kjæledyrindustrien har sloppe unna klimamerksemd. Han opplever at mange som snakkar høglytt om klima og miljø knytt til kjøtproduksjon, vegrar seg for å ta opp den same tematikken når det gjeld kjæledyr.

Det same problemet ser han innanfor forskinga. Ifølge Harstad finst det altfor få konkrete tal på klima- og miljøpåverknaden til kjæledyra. Harstad sjølv har rekna seg fram til at hundar og kattar i Noreg står ansvarleg for tilsvarande utslepp som 
200–250.000 bilar. Utsleppa kjem i all hovudsak frå fôrproduksjonen til kjæledyra. ­Omkring 80 prosent av dette fôret blir importert.

LES OGSÅ: Frå hundehuset til spa-weekend.

Eige fôr

– I tillegg legg fôr­produksjonen berre til kjæledyra i Noreg beslag på jordbruksareal som svarar til 50.000 fotball­banar, fortel Harstad.

Sjølv om fôrproduksjonen også tek i bruk biprodukt frå kjøt­produksjonen, som menneske ikkje et, meiner han dette ikkje er eit godt argument.

– Det er framleis mykje av ­kjøtet i fôrproduksjonen som kunne vore menneskemat. I tillegg vil etterspurnad etter ­biprodukt også bidra til auka kjøt­produsjon, seier Odd Magne Harstad.

Han trur at forbruksendringar innanfor kjæledyrkost har bidratt til at utslepp knytt til kjæle­dyrhald har auka.

– I dag er det ikkje slik som det var tidlegare. Då fekk kjæledyra det som var igjen av matrestar frå menneska. No kjøpar dei ­aller fleste eige fôr til kjæledyra, fortel professor Harstad.

Han ser likevel at kjæledyr er særs viktig for mange og han ­ønskjer ikkje å legga skam på alle dei eigarane som har dyr.

– Mange einslege har kanskje ikkje noko anna enn ein hund ­eller katt i livet. Det skal ein ikkje undervurdera, samstundes som påverknaden til kjæledyra ikkje kan gå heilt under radaren heller, seier Harstad.

LES OGSÅ: Klone hunden din - eller en mammut?

Katt og klima

Forfattar og katteeigar Amalie Kasin Lerstang ser på seg sjølv som bevisst vala hennar i eit klimaperspektiv. Ho et særs lite kjøtt, kjøper lite klede, har ikkje bil, vel å fly lite. Men sjølv om ho et lite kjøt, er katten hennar heilt avhengig av kjøt i kosthaldet. Slik er ho einig med Harstad og ser at hundane og kattane har sloppe lett unna det til no. Ho trur mange glatt hoppar­ over det å tenkja på klimapåverknaden til dyra, nett fordi dei har glidd så tett inn i liva våre.

– Dei har jo nesten blitt som borna til mange. Ein ønsker jo ikkje å putta dei inn i det same klimarekneskapet, seier ­Lerstang.

Då ho fekk katten for sju år sida tenkte ho ikkje stort over at også han hadde klimautslepp knytt til seg. Etter kvart har ho blitt meir medveten, men innrømmer at det å putta katten i klimarekneskapet ikkje bare er lett. Skulle ho laga ei kynisk liste over dei mest naudsynte tinga å ha, så kjem kanskje ikkje katten øvst. Ho ser at det å ha kjæledyr inneheld eit snev av egoisme.

– Eg innrømmer at det ikkje finst ein allmenn bruksfunksjon for katten. Den er jo her berre for min eigen trivnad, fortel ho.

LES OGSÅ: Prest tror han vil møte hundene sine i himmelen

Bygdekatt

Ein ting er klimautslepp, men i eit lokalt miljøperspektiv gjer også katten ­alvorlege inngrep. Norsk Ornitologisk Forening gjorde tidlegare i år ferdig ein rapport kor dei rekna med at kattar tek livet av sju millioner fuglar kvart år, berre i Noreg. Dei håpar folk tar større ansvar for kattane sine, blant anna ved å gjera fuglar og mus ei teneste ved å «hengja bjølla på katten» og ved å halda dei meir inne på kveldstid og i morgontimane.

Amalie Kasin Lerstang tok nyleg med katten og flytta frå Oslo til Notodden. Har bykatten blitt meir av ein bygdekatt, og kome nærmare byttedyra og fugle­livet? Her tek ho katten i forsvar og seier han manglar evnane som skal til for å fanga fuglar.

– Eg har ein veldig pysete katt. Såvidt eg veit har ho aldri drepe ein einaste fugl, berre ein sommar­fugl ein gong, fortel ­Lerstang.

– Det kan jo likevel henda eg er som ei blind mor som ikkje vil sjå ugagnet til barnet sitt, innrømmer ho.

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Klima