Nyheter

‘Vi kunne hatt ein åtteåring no. Det har vi ikkje’

Forfattar Brit Bildøen skulle for alt i verda ikkje skrive roman om adopsjonsavslaget sitt. Likevel gjorde ho akkurat det.

– Dette er kanskje noko av det vanskelegaste eg har opplevd i livet mitt, og det skulle søren meg ikkje bli nokon roman av det, seier Brit Bildøen.

Først halvvegs uti intervjuet nemner ho det. Vi har snakka lenge om hennar nye roman, Tre vegar til havet. Eg har nettopp spurt henne om eit brev som hovudpersonen i boka får i posten. I brevet står det at ho og ektemannen er for gamle. Ekteparet får avbrote adopsjonsprosessen. Det kjølige språket i desse breva står i sterk kontrast til resten av romanen.

– Dei breva har eg og mannen min sjølv fått, seier Bildøen.

– Desse breva er autentiske dokument frå adopsjonsprosessen vår.

Tre historier

– Det var eit ganske brutalt møte med det offentlege, det må eg få seie, held Bildøen fram. – Både med språket og hardleiken i det avslaget vi fekk. Måten det skjedde på. Det skaka oss. Så den eine delen av romanen er utsnitt frå vår to år lange kamp for å adoptere.

Tre vegar til havet er i utgangspunktet ein roman med tre historier. Den eine historia følgjer ei kvinne som har trekt seg tilbake til ein fuglestasjon. Den andre er om ei som skal ta hemn over ein mann ho kallar for Staten. Og i den tredje historia møter vi ekteparet som ikkje får adoptere.

LES OGSÅ: Anmeldelse av Brit Bildøen sin roman

I romanen har Bildøen forenkla og korta ned på heile prosessen ho stod i.

– Eg kunne jo skrive ei heil bok berre om meg, om det vi opplevde, men det valde eg ikkje å gjere. Eg laga heller fiksjon ut av det. Det gjorde det lettare å gå inn i stoffet. Men det meste som ligg i den eine historia i boka, ligg tett opp til verkelegheita.

Død katt i trillekoffert

Bildøen seier ho ikkje hadde som plan at dette skulle bli ein roman. Det ville bli for vanskeleg. I staden tenkte ho det ville bli ein pamflett eller eit essay. Ho ville skrive om det ho hadde opplevd.

– Det var veldig viktig for meg å vise fram breva og dokumenta frå saka. Eg syntest det var av offentleg interesse at folk skulle få sjå korleis ein blir møtt av byråkratiet i ein så sårbar situasjon.

I dei første åra etterpå greidde ho rett og slett ikkje å gå inn i det.

– Eg var for sint. Så fekk eg dette bildet i hovudet av ei gal kvinne som går omkring med ein død katt i trillekofferten, ler Bildøen.

Det vart til starten på Tre vegar til havet.

Medmennesket

Romanen opnar med eit sitat av Sarah Bakewell: «Guard your humanity». Det gir ein peikepinn til kva som skjer etter avslaget på adopsjonssøknaden.

– Du må passe på din eigen menneskelegdom. Sjølv om du opplever umenneskeleg behandling, så er det opp til deg å ta vare på deg sjølv. Men det er også eit spark til byråkratiet, om at ein skal vise seg som eit medmenneske og prøve forstå dei som har hamna i ein vanskeleg situasjon, seier Bildøen.

Ho fortel at romanpersonen hennar gir opp sin eigen forstand. Kvinna vel å forfølgje den statlege saksbehandlaren, heilt til det går gale.

– Skal du ta vare på deg sjølv eller dei omkring deg? Det er dette tittelen på boka viser til, at du står ved vegval i livet når du opplever krise.

Smerte og sinne

Du har kanskje gått ein litt annan veg enn romanpersonen din?

– Ja, eg valde fellesskapen og ikkje isolasjonen. Det gjekk bra med oss. Men vi kunne hatt ein åtte- eller ni- eller tiåring no. Det har vi ikkje. Og det er det ingenting som kan endre på.

Er det vondt å kjenne på det?

Det er jo det. Når eg begynner å snakke om det, kjenner eg at er eg like sint som eg var. Så det eg må passe meg for i slike intervju som dette, er at eg ikkje begynner å prosedere saka, for den har vi lagt bak oss.

Når hovudpersonen i romanen får det siste avslagsbrevet, opnar ho det éin gong, og så legg ho det bort og les det aldri meir. Men Bildøen seier ho sjølv måtte finne fram igjen brevet som ho og ektemannen fekk.

– Eg måtte jo opne alle breva ein gong til for å skrive denne boka her. Men no har vi pakka ned alle desse dokumenta. No skal det berre få ligge. Vi er ferdige med det.

For gammal for barn

Å ikkje få barn, å vere barnlaus, er ein tematikk som treff mange på tvers av alder. Likevel er det uvant når det er ei godt vaksen dame som står midt oppe i det. Eg spør Bildøen om det ligg ei ekstra sårbarheit i å bli eldre utan barn.

– Det er klart det, seier ho.

– Det er jo ganske mange som ikkje kjem i gong med ein adopsjonsprosess før dei har prøvd å få barn sjølv. Og då er du ofte litt opp i åra. Då kan du hamne i ein situasjon lik den vi hamna i.

LES OGSÅ: Fleire intervju, essay og bokmeldingar i bilaget Bøker

I Tre vegar til havet skriv Bildøen at menn kan få barn til dei er gamle og grå. Sjølv opplevde ho at det var hennar alder, og ikkje ektemannens, som var problematisk. Ho undra seg òg om det var eit ubehag med gamle foreldre, å vere ei gammal mor.

– Men det er klart, når du får svart på kvitt frå staten at du er så gammal at det ikkje vil vere til gagn for barnet å få deg som forelder, så begynner du å tenke på alder på ein litt annan måte. Ein føler seg jo alltid yngre enn ein er. Så det var eit lite sjokk å vere for gammal til å vere mor, sjølv når du sit der med all verdas ressursar.

Staten

Bildøen seier òg at hennar forhold til staten endra seg gjennom prosessen. I romanen er saksbehandlarane utan namn, byråkratiet kjølig, og desperasjonen til romanpersonen veks og veks.

– Eg er fødd på begynninga av 1960-talet og vaksen opp med ei førestilling om staten som ein trygg og god forelder som skal ta vare på deg. Det er kanskje litt naivt. Etter å ha møtt den usaklegheita, den uforstanden, så har tilliten min til staten minka betrakteleg. Når eg les om folk som får avslag på livsviktig medisin eller opphald eller kva enn måtte vere, så blir eg veldig opprørt, mykje meir enn før.

Bildøen seier ho no er mykje meir skeptisk til utøving av skjønn og korleis lover og reglar blir handheva.

– Eg opplevde at regelverket vart tolka veldig rigid. Det var først når vi møtte advokaten vår og kom inn i rettssystemet, at vi møtte nokon som forstod kva vi hadde gått gjennom. Så det juridiske språket vart for oss ei slags oppreising, eit nøytralt språk. Vi fekk ei stadfesting av at det ikkje var vi som var kranglefantar, men at vi hadde blitt usakleg behandla.

Å sleppe alt

Det er ei sterk einsemd i denne boka. Kva handlar den om?

– Det er jo den eksistensielle einsemda som vi alle lever med, som vi alle kjenner på iblant. Men det er også ei sjølvvald einsemd for romanpersonen min. For når alt dette med staten har skjedd, så går det ikkje så bra. Ho begynner å forfølgje saksbehandlaren sin. Til slutt vel ho isolasjon, eit nytt liv på ein annan stad.

– Handlar boka òg om å ikkje høyre til?

– Ja, eg trur vi menneske er ganske splitta på det området. Mange har behov for å høyre til. Men i enkelte situasjonar kan ein få lyst til å sleppe alt. Berre kutte all kontakt og starte på nytt. Det er kva romanpersonen min gjer.

– Det høyrest skremmande ut?

– Ja, ler Bildøen. – Eg synest også det.

– Eg ville nok aldri gjort det sjølv. Men av og til melder det behovet seg. Kanskje det skjer etter at ein har vore i ei krise. Ein får behov for å starte med blanke ark.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter