– Fråvær av religion er med på å gjere folk framande for døden, seier Andreas.

Lite er så triveleg som ei kristen gravferd, sa ein kollega nokre dagar før bisettinga av sin gamle far. Trua på eit himmelsk liv etter døden, og at du ein dag skal få treffe din kjære igjen, gjer det lettare å gå vidare i livet for mange. Å bli heilt dus med døden er likevel vanskeleg, sjølv for ein truande.

– For nokre få generasjonar sidan vart vi fødde heime, og vi hadde folk kring oss heilt til vi døydde. No gøymer vi vekk dødsprosessen på sjukehuset og andre institusjonar.

Saman med kona, Randi Dorthea Espegren Masvie, har Andreas skrive eit essay om korleis vi tenker, eller snarare ikkje tenker, på døden for tida. Ifølgje han har den teknologiske utviklinga ei problematisk bakside.

– Trua på teknologien bidreg til at vi ikkje klarar ta innover oss at vi skal døy. Dette er på mange måtar eit gode – den fantastiske teknologiutviklinga gjer oss faktisk moglegheit til å leve mykje lengre enn før. Men vi argumenterer også for at dette er med på å gjere oss framande for døden.

– Kva er problemet med å ignorere døden fram til han kjem og tvingar seg på oss?

– Vi argumenterer mellom anna for at dette forsterkar ønsket om å ha kontroll over sin eigen død, og at mange difor ønskjer liberale lovar kring dødshjelp.

LES OGSÅ: Fleire og fleire legar er for aktiv dødshjelp

Ny Bok

Essayet til ekteparet har no blitt til boka Jeg vil dø – et essay om dødsønske og dødshjelp, mennesket og dets samfunn. Forfattarane retter eit kritisk søkelys på aktiv dødshjelp. På vegen mot denne konklusjonen får lesarane eit sosiologisk og filosofisk innblikk i samtida.

– Vi nærmar oss samfunnet gjennom dødshjelpproblematikken, og søker på det viset å forstå samfunnsånda. Målet er å analysere kvifor Ole Martin Moen tenker som han gjer, seier Andreas med glimt i auge.

Moen er ein kontroversiell filosof, transhumanist og sjølverklært hedonist, og står såleis stort sett for det motsette av ekteparet Masvie når det kjem til etiske spørsmål kring teknologi.

– Er det eit poeng at livet skal vere smertefullt?

– Det er eit vanskeleg spørsmål, så her må eg vere varsam. Men eg er ikkje framand for at det kan vere noko naudsynt med lidinga. Ikkje at vi skal streve etter liding, men tek vi ho heilt bort, trur eg vi missar noko sentralt ved det å vere menneske.

Kunst

Danseoppsettinga Requiem pour L viser ein ekte film av ei kvinne som avsluttar livet ved hjelp frå legen. «Ved å ta døden til scena, gjev eg publikum sjansen til å snakke om han og ta han inn i livet. I Europa er vi så gode på å gøyme døden», sa koreograf Alain Platel til Vårt Land. Andreas er skeptisk til oppsettinga på Dansens Hus i Oslo nyleg.

LES OGSÅ: Leiar seier oppsettinga ikkje handlar om eutanasi

– Eg har ikkje sett oppsettinga, men etter det eg har høyrt, er eg redd ho bidreg til å legitimere dødshjelp.

I arbeidet med essayet vurderte forfattarane å vere med nokon på veg mot sjølvbestemt død, men fann det etisk problematisk.

– Når du følgjer ein person som vurderer aktiv dødshjelp, blir du ein del av deira vurdering og risikerer å skape subtile forventningar om at dødshjelpa faktisk skal gjennomførast. Å vere ein nøytral faktor i ein slik samanheng, er ein illusjon, difor har vi ikkje snakke med folk som vurderte dødshjelp.

– Korleis bør kunsten nærme seg døden?

– Ærleg kunst om død kan gjere oss mindre framande for døden viss han fortel oss noko sant og gjer oss innsikt i kva døden eigentleg handlar om. Såleis er eg einig i Platels ønskje om å føre publikum tettare på døden. Men måten han gjer det på, står i fare for å legitimere dødshjelp, heller enn å fortelje noko sant om døden.

 

Koregograf Alain Platel. Foto: Myriam Devriendt

 

Getsemane

«Du låg skjelvande av angst på kne / og svetten rant som blod / og venene du hadde med / dei sov i største ro», syng Bjørn Eidsvåg i den kjente songen «Kyrie». Den levande skildring av dramaet i Getsemane ligg tett på bibelteksten der Jesus full av dødsangst har bede disiplane vake for han.

– Ei nylesing av denne passasjen gjer det mogleg å kritisere vår eiga samtid. Jesus ønskjer at disiplane skal bere han i møte med den ultimate smerta. Også i dag vegrar vi oss for å ta del i smerta til dei svake og døyande, ettersom vi er meir opptekne av å realisere oss sjølv.

Også det moderne eg-et i Eidsvåg-songen kjem fram til at det er vanskeleg å bry seg om andre enn seg sjølv: «Eg gjer'kje det eg vet eg plikte / e hjertelaus og hard / likasel for andres nød / ofta blind for venners sorg / Ka bryr det meg dei andres død».

Heldigvis for eg-et i songen er det slik i den kristne trua at det ikkje er syndene som avgjer om du kjem til himmelen, men trua på at Jesus har tilgitt deg.

– Viss trua på eit liv i himmelen gjer døden meir tilgjengeleg, risikerer du ikkje at livet på jorda mister sin glans?

– Jo, det kan vere problematisk. Innan pietistiske rørsler er det ikkje uvanleg med ei apatisk haldning til verda – dei ser på jorda som ein fallen stad og venter på at Herren, som har gjort alt klart, skal hente dei heim.

– Korleis unngår ein som kristen denne livlause vegen?

– Vi må minne oss på at naturen, dyra og menneska er gåver frå Gud som vi skal forvalte på ein god måte. Dersom vi ikkje forvaltar skaparverket, gjer vi urett.

LES OGSÅ: Det offentlige har begynt å fortelle barna våre om døden. Slik ble tausheten brutt

Frykt og lengsel

Sjølv om Andreas verker til å ha eit avklart forhold til døden, er det ikkje alltid lett å akseptere for han heller.

– Eg er barn av mi tid og kjenner meg sjølvsagt sjølv framand i møte med døden.

– Er du redd for å døy?

– Tanken på at livet kan ta slutt kva tid som helst, har til tider vore lammande for meg. Eg er sikker på at eg skal få møte Gud, andlet til andlet, så eg tvilar ikkje på trua mi, men eg kjenner på frykt for å stå føre Gud, den heilage skaparen av alt, samstundes som eg lengtar etter dette møtet.