Tullar ikkje med trua, men tør å le av jobben
STAND-UP: Tre prestar frå Sandnes har laga humorshow. – Du får lov til å ta opp tinga i jobben og sjå humoristisk på det, seier Lina Håland.
Prestene Øyvind Skjefrås Alsaker (t.v.), Lina Håland og Torstein Eidem Nordal har gått sammen om å lage humorshowet «La oss alle le».
Caroline Teinum Gilje
Det koker av folk i foajeen på Sandnes Kulturhus. Det er ikkje så uvanleg. Det som skal skje når dei 650 publikummarane finn setene sine, er meir spesielt: Når musikken starter, kjem tre skikkelsar i prestekjole inn på scena.
– Kvifor bruker de pengar på dette midt i veka, når de kan sjå oss gratis kvar sundag, spør Bogafjell-prest Torstein Eidem Nordal publikum.
Ideen kom til under ei studiereise i 2023. Nordal slår ein spøk til ein medreisande om at han skal lage show saman med Øyvind Skjefrås Alsaker, prest i Lura. Alsaker tenner på ideen, og dei får med seg Sandnes-sokneprest Lina Håland for å fylle ut trioen.