Kultur

Til krig med poesi som våpen

Meir enn sterke slagord og propaganda, kan poesien få folk til å ville ofre livet for Allah i heilag krig.

Forskarar og analytikarar har oversett kor viktig rolle moderne arabisk jihadist-poesi har for rekruttering til militante jihadist-grupper som til dømes IS og al-Qaida. Det meiner Elisabeth Kendall, seniorforskar i arabisk ved Pembroke College Oxford i Storbritannia. Ho har vore fire år i Jemen for å undersøke korleis jihadistar blir rekrutterte til al-Qaida.

– Det er som regel dei praktiske aspekta som er i fokus, som kor dei er, kor mykje våpen dei har, logistikk og operasjonelle ambisjonar. Det blir i liten grad tatt stilling til dei «mjukare» sidene ved jihad – kva føler dei? Kva er det som driv kjenslene deira? Kva inspirerer dei? seier Kendall.

LES OGSÅ: Religionens voldelige side

Vekkjer lidenskap

I dei tilfella forskarar faktisk ser på motivasjonsfaktorar, meiner ho det stort sett dreier seg om teologi og doktrinar.

– Dette er ting som er i bakgrunnen. Det høyrer med, men det er poesi som vekker lidenskap, fortel Kendall.

Det er det perfekte våpenet for jihadistiske formål, skriv ho i artikkelen «Yemen's al-Qa'ida and Poetry as a Weapon of Jihad»: Poesi har evna til å bevege lesarar og lyttarar kjenslemessig og til å påverke psyken. Ho har særleg sett på den poesien som blir trykt i ekstremistiske islamistiske magasin, som opphøgjer militant jihad, først og fremst i det Jemen-baserte magasinet Sada al-Malahim («Ekkoet frå episke kampar»).

– Jihadistgrupper skriv poesi og jobbar hardt for å nå flest mogleg, tidlegare først og fremst gjennom magasin dei publiserer, no er det mest via sosiale medium som Facebook, Twitter og Telegram.

LES OGSÅ: Digital koran mot radikalisering

Poetisk arv

«Kulene deira knuste hjernane våre som eit jordskjelv / også sterke bein sprakk og brekte / Dei drilla strupane våre og spreidde lemmane utover - det var som ein time i anatomi!» Linjene er skrivne av Ahlam al-Nasr, kjend som IS sin kvinnelege poet, og attgjevne på engelsk i The Guardian. Ho starta å skrive dikt til støtte for Palestina då ho var i tenåra, og hennar første diktsamling, med tittelen The Blaze of Truth på engelsk, vart publisert i fjor. No er ho mest blitt ein litterær kjendis og ein offisiell talsperson for IS, ifølgje avisa, og ein av grunnane til at IS lukkast i å rekruttere så mange kvinner.

Dikta er lett tilgjengelege på nett saman med ein enorm mengde vers frå andre poetar tilslutta militante jihadistgrupper som IS og al-Qaida, også opplesne på YouTube. Den mest kjende jihadistpoeten var truleg Osama bin Laden sjølv, og mykje av hans karismatiske eigenskapar som leiar kan knytast til hans poetiske evner.

– Kva slags poesi er det jihadistane skriv?

– Dikta er skrivne nesten utelukkande på klassisk arabisk, i den klassiske metriske forma qasida, og mange av versa er henta direkte frå den arabiske poetiske arven, seier Kendall.

Ofte blir den heilage krigen utkjempa i eit umoderne univers, til hest med sverd og mot, som i dette diktet av Muhammad al-Zuhayri, eller «Poeten av al-Qaida»: «Hestevrinsking fyller ørkenen /vekker sjelene våre og driv dei fram /Riddarane si stoltheit eggast av lyden /mens vanære piskar våre fiendar».

LES OGSÅ: Prest gir terrorismen islam-stempel

Historisk

Det er elegiar for martyrar, klagesongar for fangar og sigersoder, ofte bygd opp på same måte som klassiske arabiske dikt: Opninga er nostalgisk tilbakeskodande, før poeten legg ein ut på ei reise der det tøffe landskapet og det harde livet i eksil blir skildra. Bodskapen kjem til slutt, det vere seg ein hyllest til satire over ein stamme eller ein leiar, eller ei moralsk læresetning. Denne diktforma har før-islamske røter, og vart ein sentral litterær sjanger mellom 10. og 12. hundretalet.

– Det er svært viktig fordi det situerer jihadist-poesien i ein lang historisk og høgt akta tradisjon, som legitimerer ideologien gjennom å gi han ein aura av tradisjon og autentisitet.

Ofte blir også gamle dikt sitert direkte, utan at diktaren blir kreditert, og blanda saman med nye strofer.

– Det er ein smart strategi, fordi desse versa skapar ei kjensle av noko kjent, som får lesarane til å tru at ideane er predestinerte, at dei kjem i rett linje frå arven frå forfedrane, seier Kendall.

LES OGSÅ: Al-Qaida styrkes med pragmatisk jihadisme

Hylla som heltar

Det er umogleg å forstå jihadisme utan å undersøkje kulturen deira og statusen poesien har, skriv The Guardian, som skildrar poesien som svært sentimental og romantisk. Bildebruken er meint å vekke nostalgiske kjensler, og viser ofte til svunne tider, bilde frå ørkenen (som symboliserer reinskap) og bilde av naturfenomen som lyn og torevêr, flom og vulkanar (som symboliserer makt).

– Overdrivingar er eit mykje brukt verkemiddel, særleg når det gjeld å lovprise martyrar, seier Kendall.

Det er nemleg ein annan viktig funksjon denne diktinga har, som er å oppmode til handling. Ho skal overtyde folk om at det er både riktig og attraktivt å døy i heilag krig.

– Sjølv unge tenåringar på veg til å bli jihadistar, som blir skote ned av vakter før dei har gjort noko som helst, blir hylla som heltar i poesien.

LES OGSÅ: Skriver bok om Fredrikstad-gutter som ble IS-krigere

Poesi-idol

Poesien bidrar til å skape og sette ord på ein felles jihadist-identitet.

– For det første er sjølve opplesinga av dikta ein sosial og emosjonell oppleving som bind lyttarane saman. For det andre bidrar poesien i stor grad til å konstruere ein tydelegare fiende. Han destillerer ei kompleks politisk røynd til eit landskap i svart og kvitt med eit «oss» imot «dei», seier Kendall.

«Dei» kan her vere Vesten, med USA, Storbritannia og Frankrike i spissen, det kan vere Israel, og det kan vere arabiske regime som jihadistane ser på som korrupte.

Grunnen til at poesien kan vere så forlokkande, er at han allereie er djupt rotfesta i folket og kulturen i dei arabisktalande landa, og svært populær både blant eliten og folket. Diktinga stammar frå ein munnleg tradisjon; metrikk og rim gjer versa enkle å hugse, og dermed tilgjengelege også for dei delane av folkesetnaden som ikkje kan lese. Kendall sine undersøkingar i Jemen, i nærleiken av der al-Qaida sette opp sin stat i 2015, viser at 74 prosent reknar poesi for å vere anten viktig eller særs viktig i kvardagen. Det er med andre ord ikkje rart at jihadistgruppene brukar poesi til å spreie bodskapen sin.

– Det finst TV-sende talentkonkurransar for poetar, slik som vi i Vesten har Idol eller X-Factor. Showet «Million's Poet» har over 70 millionar sjåarar.

Vinnaren kan stikke av med så mykje som 1,3 millionar dollar, skal vi tru The Guardian – meir enn ein får om ein vinn Nobelprisen i litteratur.

LES OGSÅ: 'Må gjøre mer for å rehabilitere jihadister'

Motvåpen

– Du meiner at poesi også kan vere ein reiskap for motpropaganda. Korleis?

– Eg foreslår på ingen måte at anti-terrorekspertar skal byrje skrive poesi for å undergrave jihadistane. Det ville berre vere flautt og mislykka, seier Elisabeth Kendall.

Med det meiner ho at eit slikt initiativ må vere autentisk.

– For det finst jo arabisk poesi som refererer til toleranse, fred, ei lysare framtid, gjensidig respekt. Kvifor ikkje gjere ein innsats for å hjelpe grasrotnettverk å samle saman materialet, promotere og publisere det, spreie det og feire det på festivalar? Droneangrep kan nok vere effektivt på kort sikt. Men dronar kan ikkje drepe idear. For å få til det må du snakka til hjartet og sinnet. Slik poesien gjer.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur