Kultur

Tidsskrift set dyra på dagsorden

Dei siste 40 åra har vi mista 60 prosent av verdas dyreliv. Samtidens redaktør vil minne oss på kor salamien kjem frå.

Artar forsvinn, vi kvittar oss med ulven fordi den er til bry for oss og det er den mest sjølvsagte ting i verda at vi skal drepe og ete dyr vi har halde i fangenskap heile livet. Kvifor er dette så sjølvsagt for oss? Kvifor gjer vi ikkje noko med det? Er det fordi det er menneskeleg å ikkje ta omsyn til andre så lenge det ikkje går utover oss sjølve?

Dette er spørsmål som blir
 stilte i siste nummer av tidsskriftet Samtiden. Nummeret har temaet «Dyrene dør. Du lever som før» og er redaktør Christian Kjelstrups andre utgåve, etter suksess med temanummer om Koranen i mars.

– Korleis gjekk det til at
dyrevern vart tema for dette nummeret?

– Det at så mange dyr er forsvunne, er alarmerande og vi er nøydde til å spørje korleis vi skal ta stilling til det, seier Kjelstrup.

Dyreverd

Utgangspunktet har vore korleis mennesket fundamentalt sett ser på dyr, og korleis det påverkar måten vi behandlar dei på.

– Somme har spurt om dette er det mest presserande tema å ta opp no, når mykje står på spel i verdspolitikken – men det gjer det for dyra også, seier Kjelstrup.

I media den siste tida har menneskeverdet stått i sentrum for fleire debattar. Korleis kan vi setje forskjellig verdi på menneska og korleis kan vi vite kva liv som er verd å leve? Her er det ikkje semje, men det er tydeleg eit tema som engasjerer på fleire plan. Når det gjeld dyr er det derimot brei konsensus, i alle fall på eit samfunnsplan, om at menneska står over dyra i status og verdi.

– Kva er det som gjer at mennesket oppfattar sin posisjon som opphøgd som så sjølvsagt, tenkjer du?

– Når eg hentar meg salami i kjøleskåpet, tenkjer eg jo ikkje at det er eit dyr, det er berre salami. Så det handlar jo i stor grad om vanar. Men det handlar også om eit verdssyn som ligg djupt i mennesket og det fundamentale spørsmålet i dette nummeret: Tar vi omsyn til andre enn oss sjølve?

I leiaren refererer Kjelstrup til den svenske litteraturvitaren og essayisten Horace Engdahl, som seier at framtidige generasjonar vil fordøme oss for vår behandling av dyra på same måte som vi fordømmer tidlegare generasjonar for å halde slavar og undertrykke kvinner.

– Det meiner eg kan sidestillast. Ting som var fullstendig hårreisande for ein generasjon sidan, er ikkje det lenger.

LES OGSÅ: – Gud vil ikke at vi skal leve på bekostning av andre.

Dyr som ting

«Få mennesker er født med en bruksholdning til dyr», seier Siri Martinsen, veterinær og leiar i dyrevernorganisasjonen NOAH, i eit intervju med Harvest-redaktør Kjetil Østli i nummeret.

– Betyr det at haldninga vår til dyr er kulturelt bestemt?

– Ja, absolutt. Det er store forskjellar på kva dyr som får høg eller låg verdi i ulike kulturar. Viss eit lite barn møter eit dyr utan for mykje av denne kulturelle påverknaden, vil det ofte møte det med interesse, med ei kjensle av gjenkjenning, seier Siri Martinsen til Vårt Land.

– Du nemner den hektiske kvardagen som ein viktig grunn til at vi ikkje tar dette temaet innover oss. At vi ikkje ser korleis vi som enkeltindivid skal kunne gjere ein forskjell. Men det handlar vel også om haldninga vi har til dyra som mindre verdt?

– Det er definitivt begge delar. Det er eit grunnleggande problem at vi har aksept for at dyr blir sett på som eigedom, at vi har institusjonalisert ei grunnhaldning om at dyra er til for oss.

Ho understrekar at det ikkje betyr at kvart enkelt menneske har legitimert tanken om at dyr ikkje er viktig.

– Sjølv om mange et kjøt og brukar produkt frå dyr, betyr det jo ikkje at alle gjer det fordi dei meiner dyr skal behandlast som ting. Det handlar meir om at ein ikkje ser samanhangen mellom tingliggjeringa og eige forbruk.

Høgareståande

I intervjuet snakkar Martinsen også om korleis vi bruker våre innbilte behov for å rettferdiggjere korleis vi
utnyttar dyra, jamvel om overveldande fakta seier at det hadde vore meir gunstig for alle om vi ikkje åt kjøt, både med tanke på miljøet og helsa vår. Våre behov kjem i alle høve først. «Om vi kan snakke om et slags menneskelig prosjekt de siste 10 000 år, altså fra landbrukets begynnelse, har det vært å få kontroll over naturen, samt å fjerne oss fra dyrene: sjelløse, uintelligente og amoralske som de var.» Slik opnar professor i biologi Dag O. Hessen sin tekst i Samtiden. Forfattar Espen Stueland skriv blant anna: «Mennesket råder over klodens liv og død. I mosebøkene grunnlegges verdensanskuelsen som setter mennesket i sentrum på bekostning av andre levendeorganismer.» Også Siri Martinsen er inne på det kristne verdssynet som kime til menneska sitt syn på oss sjølve som høgareståande.

– Kva er det som gjer at vi menneska framleis tviheld på denne opphøgde posisjonen i forhold til dyra?

– For eit flokkdyr som mennesket, har det stor effekt at vi ser andre gjere det same. Religion speler nok ei rolle, men det finst også teologar som meiner at forvaltarrolla betyr ansvar for, ikkje utnytting av, dyra. Eg trur heller det handlar om at vi ser vårt snitt til bruke makt, utan å tenkje over om vi har rett til det, og så brukar vi blant anna religion til å forsvare det.

LES OGSÅ: Hvor mye er et dyreliv verdt?

Livets rett

Kjelstrup meiner det er viktig at nettopp eit tidsskrift som Samtiden tar tak i
dette temaet.

– Dyrevernorganisasjonane har kjempa sin kamp lenge, og då er det viktig at debatten også skjer på andre flater.

– Vil Samtiden kunne nå ut med dette, trur du? Blir det lese?

– Eg har ein ambisjon om at alle skal lese Samtiden. Det skal vere tilgjengeleg og tilby substansielt innhald i brei form. Mi oppgåve er å gjere tidsskriftet best mogleg og slik bevise at det har livets rett – for det er ikkje ei sjølvfølgje.

– Men slik det er no, er det mange som meiner at tidsskrifta nettopp ikkje har livets rett; det er få som les dei og dei er avhengige av stønadsmiddel for å eksistere?

– Det er mange som ikkje har høyrt om korkje Samtiden eller andre tidsskrift. Tidlegare var tidsskrifta noko dei fleste
relaterte seg til, slik er det ikkje lenger. Ein kan tenkje at det er gått av moten, men eg trur dette også må sjåast som ein vane som kan brytast.

LES OGSÅ: Hvor går egentlig grensa mellom dyr og menneske?

Avtrykk

Kjelstrup meiner at tidsskrifta lukkast i å vekkje debatt og setje dagsorden. Med Koran-nummeret fekk dei mykje merksemd i både norske og internasjonale medium. Men han understrekar at det kan vere like viktig at tidsskrifta verkar opplysande og formidlande, noko som ikkje alltid er like lett å måle.

– Eg har fått mange tilbakemeldingar om at folk byrja å lese Koranen etter at dei las førre Samtiden og at det har nyansert synet dei har på islam. Å setje Koranen i fokus, eit tema som er underkommunisert og kontroversielt, er i seg sjølve ein «statement». Ved å nærme seg eit tema frå ulike innfallsvinklar i ulike artiklar, kan tidsskrifta setje ein standard for korleis ein kan behandle eit tema.

– Ville vi ha merka det om tidsskrifta forsvann?

– Tidsskrifta set ein annan type avtrykk enn andre medium. Om dei skulle bli borte, så er verkeleg ein viktig art utrydda.

LES OGSÅ: Ideologi, teknologi og blindflekker på Momentum-biennalen 

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur