Bøker

Ti år med kamp

Er det eit før og eit etter seksbindsverket Min kamp av Karl Ove Knausgård?

Denne veka er det ti år sidan det første bindet kom ut. I åra som har følgt har vi fått større kunnskap om kva som er henta frå det verkelege liv og kva som er dikta opp i romanane vi les. Oppstyret etter Knausgård spreidde seg etter kvart over til andre forfattarar og deira verk. Geir Gulliksen og hans Historie om et ekteskap hamna på NRK Debatten hausten 2016.

Folkelesnad

Berre ti år er gått, og knapt ein krok i landet er urørt. Har det vore mogleg for nokon å ikkje få med seg oppstyret, debattane, kranglane? For i tillegg til den internasjonale suksessen som Knausgård har hatt, så har Min kamp òg blitt folkelesnad. Rekk opp handa dei som i 2009 trudde at ein seks–binds samtidsroman om ein forfattars liv skulle få til dèt.

Det er rett og slett blitt vanskelegare å spå romanens død etter bragda til Knausgård.

LES MER: Ti år med Min kamp: – Selve synet på hva en roman kan være har endret seg

Ikkje lenger gyldig

Men bøkene har òg ført med seg ei anna visse kring det biografiske. Kva skjer når forfattarar brukar av sitt eige og andres liv i romanane sine. Etter Min kamp er det ikkje lenger mogleg å slå seg på brystet med ordet «roman», og nekte for at røynda finst. Tidlegare kunne alt bli løyst med å kalle det for ein roman. Men den løysinga er ikkje gyldig lenger. Debutantar vi har snakka med seier det er annleis no enn for ti år sidan.

Det er nok heilt greitt. Utfordringa om korleis du forvaltar andres liv i teksten din, burde alle forfattarar ta på strak arm. Kritikar i Aftenposten, Ingunn Økland, hausta storm da ho og Aftenposten kravde å vite kva som var sant i Arv og miljø av Vigdis Hjorth. Økland stod ganske aleine da ho sette i gong debatten. Men når alle er einige, blir sjeldan argumenta gode. Økland var prinsippfast, og hevda at det følgjer med eit ansvar som forfattar av det biografiske. Kunsten frigjer ingen frå å bruke vitet og ta omsyn.

LEST DENNE? Vårt Lands Olav Egil Aune intervjuer Jon Fosse: – Det er nå dypt menneskelig å være klumsete og klønete

Ver varsam–plakat

Men kva bør ein forfattar ta omsyn til? Kvar går grensene mellom det verkelege og det oppdikta? Ein slags jussifisering av romanskrivinga, der det skal finnes skrivne reglar for kva som er lov og ikkje lov, må vi unngå.

Det har vore debattert om vi burde finnes ha ver varsam–plakat for forfattarar òg. Noko slikt kunne vore interessant, for Ver varsam–plakaten til pressa er ikkje berre ei rettleiing i kva du bør unngå å gjere. Det er like mykje eit reiskap til å vise kva journalistikken kan vere. Kunne vi tenkt i liknande banar når det kjem til litteraturen?

Det er ikkje eit retorisk spørsmål, og svaret er: Nei. Vi vil ikkje ha nokon ver varsam–plakat. Vi treng forfattarar som skriv fritt, og som held fram med å utforske litteraturens grenser. Dei etiske problema må diskuterast av forfattar og forlag - og av oss i allmenta. Det vil ikkje tene litteraturen å formalisere slike krav, og det vil ikkje gjere oss til betre lesarar. Dei ti åra vi har hatt med debatt etter Min kamp er eit godt eksempel på akkurat det.

LES OGSÅ: Verdas mest gåtefulle fisk døyr ut. Patrik Svensson skriv om kva ålen kan fortelje oss

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker