Bøker

Terror i Spania

Er det mogleg å forsone seg med fortida og med kvarandre etter at noko uoppretteleg har skjedd?

Det er spørsmålet som den spansk-baskiske forfattaren Fernando Aramburu stiller i sin på alle måtar store roman ­Fedreland. Boka, som har blitt ein internasjonal bestseljar og er planlagt som serie på HBO, viser kor samansett og komplisert ein slik nødvendig forsoningsprosess kan vere.

Tausheit og frykt

To bestevenninner i ein landsby i den baskiske delen av Spania er gift med menn som også er bestevener. Dei i alt fem barna deira veks opp som søsken. Framvoksteren av ein militant baskisk nasjonalisme og terrorhandlingane til den illegale organisasjonen ETA i den siste delen av Franco-tida, gjer slutt på venskapen og fortrulegheita. Mens sonen i den ein familien sluter seg til ETA og går under jorda, får ektemannen i den andre truslar både i form av graffiti og utpressingsbrev frå den same rørsla. Ein dag blir han regelrett avretta på gata.

Det som skjer i etterkant, viser kor djup og lammande konflikten var. Nesten ingen av vennene, naboane eller dei tilsette til den baskiske bedriftseigaren møte opp i gravferda, den tradisjonelle­ staden for forsoning. Det gjer heller ikkje den einaste dottera hans. Tausheita og frykta rår.

Drapet fører også til at alle dei andre i dei to familiane blir splitta,­ enten ved å reise bort ­eller ved å gå i eit indre eksil.

LES MEIR: Spansk hilsen før 1. mai

Tilgjeving og forsoning

Aram­buru skildrar i detalj korleis alle hovudpersonane i denne kollektivromanen mistar kontakten med kvarandre. Dei som overlever, sluttar å snakke ­saman og å fortelje kvarandre om sine eigne liv. Den trugande grafittien, terrorhandlingane og den ytre og indre sensuren har ført til ein situasjon der fortrulegheit har blitt erstatta med tausheit og forstilling. I lang tid får lesaren inntrykk av at den einaste som har ein fortruleg ho kan dele alt med, er enka. Ho besøker regelmessig grava til ektemannen og fortel han kva ho tenker på.

Kan dei gamle bestevenninnene bli forsona, får vi greie på kva som skjedde drapsdagen? Det spennande i denne romanen er også at krimgåta om det uoppklårte drapet etterkvart blir mindre viktig for lesaren enn spørsmålet om det faktisk finst mogelegheit for tilgjeving og forsoning i den stadig kortare tida som er igjen av livet, og av boka. Det er i seg sjølv ein bragd.

LES MEIR: Et splittet Spania velger ny nasjonalforsamling

Den sosiale veven raknar

Noko av grunnen både til at romanen er så lang og at den har blitt så populær, er at den møysommeleg set ord på og fortel om noko som i svært mange år har vore underlagt tausheit og mørklegging. Boka reduserer ikkje det heile til ein konflikt mellom enkeltpersonar eller mellom grupper, men viser korleis heile den sosiale veven kan rakne som følgje av fanatisme og traumatiske hendingar. Skal forholdet mellom enkeltmenneske og grupperingar bli heila i ein slik situasjon, er det ikkje lenger enkle løysingar som gjeld.

Fedreland demonstrerer kor samansett slike spørsmål om forsoning er. Dessutan har eg fått meir innsikt i ei nær europeisk historie eg visste lite om ved å lese det som ved første augekast såg ut som ein slektsroman.

LES MEIR: Vinneren Vox

Eit lys over dagens Europa

Den spanske originaltittelen, Patria, er sjølvsagt ikkje tilfeldig vald. For spørsmålet er jo kva fedrelandet eigentleg er. Spania eller Baskerland? Og kva det vil seie å vere patriot, kva skjer med morsmålet, både som spansk og baskisk, når konflikten mellom dei to fedrelanda blir sett på spissen? Tittelen peikar også på kva som skjer med autoriteten, den som tradisjonelt har tilhøyrd husfaren, i ei slik konflikt. Etter drapet på den eine farsfiguren, er dei to tidlegare venninnene som driv handlinga urokkeleg framover med all si indre styrke. Sønene plasserer seg på kvar si sidelinje og det ser ikkje ut til å bli nokon neste generasjon i desse to familiane.

Romanen er på den måten også ei skildring av kva som skjer når den tradisjonelle autoriteten, både i form av staten, kyrkja og fedrane, mistar makta. Ulike forståingar av kva det er å vere og handle patriotisk, fører til konfliktar. Slik kastar den lys over kva som skjer i eit stadig meir splitta Europa.

Rolv Nøtvik Jakobsen

anmeldelse@vl.no

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker