Kultur

Tek grep for å unngå fyllefest på femmila

I fjor vart femmila i Holmenkollen prega av fyll og kaos. I år får arrangøren hjelp frå KRIK og Idrett Uten Alkohol til å lage eit alkoholfritt tilbod. Men det tradisjonsrike arrangementet har alltid hatt eit rufsete tilsnitt, meiner folklorist Thor Gotaas.

Bilde 1 av 3

– Talet på publikumarar har auka enormt dei siste åra, og alkoholmengda folk får i seg, har ikkje minska, seier Scott Reinhard, seksjonsleiar for dei frivillige på skifestivalen.

I dag klokka ti går femmila på nytt av stabelen i Holmenkollen. Mange hugsar avisoverskriftene frå femmila i fjor. Det vart rapportert om russestemning langs løypene, og då den feststemte folkeskaren skulle heim, braut kaoset ut. Fulle folk byrja gå i T-banesporet, og store forseinkingar leia til endelause køar.

– I fjor var det mange unge som drog på femmila for å ta seg ein fest og sjå ungdomsidolet Johannes Klæbo. Rennet starta godt ut på dagen, så fleire kom seg opp enn elles. I tillegg har lengda på løypa blitt kortare, så folk står veldig tett for tida. Det var mange unge med lite erfaring som drakk. Alle desse faktorane gjorde at det såg litt verre ut enn vanleg dette året, seier Thor Gotaas.

Gammal tradisjon

Gotaas er forfattar, folklorist og ivrig langrennsentusiast. Han har tatt turen til Holmenkollen for å heie på utøvarane sidan 1970-talet. Å nyte alkohol på femmila er ikkje noko nytt i følgje han.

– Å drikke på idrettsarrangement var heilt vanleg for 100 år sidan. Det var kaldt i løypene, så folk hadde gjerne noko brennevin i ei lommelerke på innerlomma til å varme seg på. Det var nok mest drikking i 1930-åra. Etter renna var det å få med seg premieutdelinga før ein drog vidare på Sporten ved Frognerseteren kor det var fest. Her drakk tilskodarar og utøvarar og det vart det mykje fyll.

Sjølv er Gotaas avhaldsmann og har vore det heile livet. Han ønskjer likevel ikkje å vere ein festbrems for dei som vel å ta seg ein fuktig fest på femmila.

– Dei som drikk har det morosamt og skapar stemning. Diverre er det nokre få som øydelegg for alle. Eg vil ikkje bidrege til nymoralismen som brer seg i den vestlege verda for tida. Folk må få ha det moro. Holmenkollrennet er eit eksotisk renn i verdsklasse. Dette må ikkje bli øydelagt fordi nokon var dumme og uheldige i fjor.

LES OGSÅ: Vin blir oftast omtala som noko positivt i bibelen

Alkoholfritt tilbod

Andre meiner tida er inne for å minske alkoholens påverknad på arrangementet. I år får Holmenkollen skifestival, som arrangerer rennet, hjelp til å lage eit alkoholfritt tilbod av idrettsorganisasjonane KRIK og Idrett Uten Alkohol.

– I forfjor kontakta vi Holmenkollen skifestival for å høyre om dei ville ha eit samarbeid med oss. Då takka dei nei sidan dei allereie hadde eit opplegg med organisasjonen Av-og-til. Då vi igjen tok kontakt etter det problematiske arrangementet i fjor, var dei umiddelbart positive, seier Åsmund Kleivenes, prosjektleiar for Idrett Uten Alkohol.

Saman med ungdommane i KRIK skal IUA lage eit alkoholfritt område for folk som vil sleppe fyllefesten.

– Vi vil lage ein ekte norsk folkefest utan alkohol, seier Bjørnulf Tveit Benestad, idrettsprest i KRIK.

Frivillig Jacob Fredrik Østhassel drog opp for å gjere førebuingar allereie torsdagen i førevegen.

– Eg skal sove i telt frå torsdag til søndag. Nokon må passe på utstyret vårt, seier Østhassel.

Saman med andre frivillige skal dei lage ein camp i snøen.

– Vi tek med bålpanne, lagar ein kiosk og heng opp banner i trea. I tillegg har vi med dj og eigne kommentatorar som skal lage god stemning, seier Østhassel.

Kleivenes trur mange unge KRIK-arar kjem til å turen, og håpar familiar vil sette pris på eit alkoholfritt tilbod.

– Alle er velkomne inn på området vårt så lenge dei er edru, seier Kleivenes.

LES OGSÅ: Nordmenn drikk meir alkohol i påsken enn før

Betre logistikk

Arrangørane har tatt fleire grep for å unngå situasjonane frå fjoråret.

– I fjor var vi førebudd på store folkemengder, men ikkje på så fulle folk i marka. Det var fleire tusen som drakk for mykje og ikkje ville høyre på kva politiet sa, seier Emilie Nordskar, kommunikasjonssjef for Holmenkollen Skifestival.

- Kva grep har de gjort for å unngå fjoråret?

– I år blir det tidlegare rennstart. Det vil nok minke litt på feststemninga. I tillegg aukar politiet mannskapet betrakteleg både i marka og på T-banestasjonane. Då får dei høve til å stoppe folk som er for fulle allereie på veg opp til rennet. Ruter og Sporveien har auka til maks kapasitet. Måten dei har gjort det på, er å stenge dei små stasjonane, slik at viss du skal ta banen opp til området, må du bruke Holmenkollen-stoppet som er dimensjonert for store festivalar.

Nordskar verken kan eller vil stoppe feststemninga rundt løypene.

– Nordmenn har hatt moglegheit til å følgje denne idrettsfesten gratis i marka sidan slutten av 1800-talet. Det er ein unik tradisjon. Utøvarane tykkjer det er heilt vilt å få tilskodarar langs heile løypa. Dette vil vi ta vare på. Samstundes er det ein idrettsfest og ikkje ein russefest, så vi oppmodar folk til å oppføre seg ordentleg.

Fjorårets arrangement vart framstilt som ein katastrofe i media. Reinhard hadde ikkje same opplevinga under vegs.

– Vi følte vi hadde god oversikt og brukbar kontroll i Marka og vart overraska då vi las Aftenposten seinare på dagen. Problema oppstod etter at folk forlét området. Det var sjølvsagt nokre hendingar i Marka, men det hadde vi rekna med, og vi handterte det på ein god måte. Med 80.000 personar samla i utmark, må ein vere førebudd på at ting skjer, seier Reinhard.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur