Bøker

Teikneseriane tek marknaden for bøker til born

UNGDOMSKULTUR: Teikneseriane er flytta frå bladhylla til bokhandlane, på fint papir og mellom stive permar. Slik blir dei meir synlege for bibliotekarar og andre vaksne også.

Du har kanskje sett det førre gongen du var innom ein bokhandel: Bord fulle av teikneseriebøker for barn. Og om du har barn, kan du ikkje ha unngått å legge merke til det: Både gutar og jenter ønskjer å lese Amuletten, Hundemannen, Hilo, og Nordlys. Men for ikkje lenge sidan var teikneseriar i bokformat gøymt bort i hylla.

Kva er det som har skjedd?

Eit nytt fellesskap

– Det korte svaret er at barn liker gode teikneseriar, svarar Lindy Andersen, redaktør i Fontini, forlaget som gir ut den banebrytande suksessen Amuletten i Noreg.

– Men svaret er nok litt meir samansett, seier Andersen.

Ho fortel at norske forlag no har begynt å tenkje utanfor boksen og satse på teikneseriar i bokform for dei yngre barna. Teikneseriar med kvalitet både i historie og i det visuelle.

– Dei blir til og med trykte på dyrt kvalitetspapir! Målet vårt i Fontini var å gi teikneseriane for barn status. Skole, bibliotek og foreldre oppdaga raskt korleis desse bøkene stimulerte til leselyst, også hos unge som slit med å knekke lesekoden. Dette er bøker barna sjølv ønskjer å lese!

Ho meiner at med desse bøkene kunne både racerlesaren og dei med utfordringar lese same bok – det ga eit nytt fellesskap rundt lesestimuleringa.

LES MER: Hva skjer når videregående elever skal kåre årets beste voksenbok? Vi ble med på utdelingen av Ungdommens kritikerpris

Frå bladhylla til bokhandlane

Ein anna teikneseriesuksess i bokhandlane er Nordlys av Malin Falch. Tonje Tornes, teikneserieredaktør i Egmont, seier serien har vore ein bestseljar denne våren.

– Vi ser at dette skjer i fleire land. Teikneseriar i hardback tek marknaden.

Tornes meiner det har å gjere med at mengda teikneseriar i bladform søkk og søkk. No finn du heller teikneseriar samla i bokbind. Dei er flytta frå bladhylla til bokhandlane.

– No er dei litt meir synlege for bibliotekarar og andre vaksne, som kanskje aldri brydde seg særleg om teikneseriane.

LES MER: I Shaun Tans verden blir en månefisk på opptil to tonn fisket fra himmelen og kan lett bæres av et barn

Suksess med manga

Steffen Sørum, fagleg leiar for forfattarutdanninga på Norsk barnebokinstitutt, meiner ein suksess som Amuletten ikkje er så uventa.

– Med Amuletten så sat det eit stort team og lagde den. I tillegg så var fleire av bøkene ferdige når Fontini skulle gi dei ut - det gjorde det lettare å reklamere og selje inn.

Sørum peiker òg på at Amuletten er manga, den japanske teikneserietradisjonen, som har hatt stor suksess før i Noreg. Seriar som Dragonball har selt i store mengder her til lands.

– Når bokhandlarkjedene bestemmer seg for kva dei skal gå for, så ser dei på tal. Eg synest ikkje dei har vore så modige når det kjem til teikneseriar, og der har ein butikk som Outland fått halde på aleine.

Sørum saknar større kompetanse på kva som er gode teikneseriar i bokhandlane.

– Det har blitt betre, men det var mange år då vi ikkje hadde ein einaste teikneserie i bokhyllene i det heile tatt. Amuletten har vore viktig slik sett.

---

Teikneseriebøker

  • Teikneseriar for barn blir stadig oftare utgitt som bøker.
  • Døme på populære teikneseriebøker er den grafiske spenningseria Amuletten av japansk-amerikanske Kazu Kibuishi.
  • Bokserien Nordlys av Malin Falch er fantasy med røter i norsk folketru.

---

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker