Ung speleglede

Barn på teaterscenen ber ofte med seg ei uforfalska glede over skodespelet. Det gir gode opplevingar for publikum.

Mina Tufto Antonsen (i midten) er ein av to unge skodespelarar som spelar hovudrolla i familiemusikalen på Sandvika teater. Barn har eit naturleg talent for skodespel, skriv Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

Nyleg var eg ein tur på Sandvika teater for å sjå familiemusikalen Annie. Denne er blitt sett opp i stadig nye versjonar sidan originalmusikalen i 1977, skriven av Charles Strouse (musikk), Thomas Meehan (tekst) og Martin Charnin (songtekstar).

Historia om den tøffe barneheimsjenta som blir plukka ut og tatt med frå den ufyselege barneheimsstyraren Miss Hannigan til julefeiring hos milliardæren Oliver Warbucks, har allereie gledd generasjonar av barn og vaksne. Musikalen har nådd langt fleire enn dei som kjenner teikneserien han bygger på, Harold Grays Little Orphan Annie. Ikkje minst har dei mange gode songane, med klassikaren «I morgen» («Tomorrow») i spissen, svidd seg inn i vårt felles minne.

Lyden av Annie er lyden av familiemusikal.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP