Kultur

Synagoge redda på overtid

Latvias eldste tresynagoge pussa opp med norske oljekroner. 

Bilde 1 av 6

– Prosjektet var både viktig, lærerikt og utfordrande. Vi fekk vere med og redde eit særs viktig bygg i Rezekne, fortel Adrian Ugland.

Byggfageleven frå Arendal fortel om eit restaureringsprosjekt utanom det vanlege:

– Vi reiv ut over 150 år gamle spikrar, pussa dei for rust - og slo dei inn att. Vi plukka ned det utvendige panelet, sagde vekk berre det som var rote, og spikra fast fjølene på nytt. Kravet var at mest mogeleg av bygget skulle stå, seier ein stolt bygningsarbeidar.

LES MEIR Riksantikvaren gir 130 millioner til stavkirkene

Forsvann i Holocaust

Heilt aust i Latvia, tett på grensa til Russland, ligg Rezekne, ein by med lange jødiske tradisjonar. Her ligg Den grøne synagogen, gudshuset som nesten forsvann til liks med dei ti andre synagogane i byen, som kan spore den jødiske historia heilt tilbake til 1712.

Trebygget blei reist i 1845, og sist renovert i 1939. Året etter rulla sovjetiske soldatar inn i Latvia, og starta deporteringa av latviske jødar. På slutten av 30-talet var det 93.000 jødar i landet. Sommaren 1941 forsvann rundt 2.000 av dei til Sibir. Få veker seinare okkuperte Hitler-Tyskland det vesle baltiske landet – og starta masseutryddinga. Holocaust slukte over 70.000 latviske jødar. Berre 14.000 var i live i 1945.

Brann synagogar

I Rezekne var det 11 synagogar då dei tyske okkupantane slo seg ned. Nesten ein av fire innbyggjarar var jødar. Brorparten døydde i konsentrasjonsleirar. Berre to vaksne jødar og nokre få barn frå Rezekne overlevde Holocaust. Medan nazistane var herrar i byen, svidde dei av alle synagogane. Nesten. Den grøne synagogen blei ikkje lagt i oske.

Vel 70 år seinare er Latvias - og Baltikums - eldste tresynagoge ikkje til å kjenne igjen. Bygget som var ei rønne fram til 2014, har funne tilbake til utsjånaden frå 1845.

LES MEIR Vil verne moskeer og synagoger

Eit mirakel

Gita Umanovska, dagleg leiar i Rådet av jødiske samfunn i Latvia, forklarar kva som har skjedd:

– Før andre verdskrig var Rezekne eit viktig senter for jødisk liv i Latvia, og det budde 3.500 jødar her. Synagogane i Latvia blei brent av nazistene. At tresynagogen i Rezekne overlevde, er i seg sjølv eit mirakel. I sovjettida, då religiøs aktivitet nesten var umogeleg, brukte eit lite samfunn på 200 personar synagogen. Og no er han restaurert til glede for alle, det er eit nytt mirakel.

Norske millionar

Mirakelet er utført med mykje norsk støtte. Neste 5,5 av dei 6,5 millionar kronene det har kosta å renovere synagogen kjem frå EØS-potten som Norge, Island og Liechtenstein fyller opp med støttekroner med jamne mellomrom. Norge står for over 90 prosent av EØS-bidraget.

I fjor blei Norge og EU samde om at det norske bidraget for perioden 2014-2021 blei på 388 millionar - eller 3,4 milliarder kroner. EØS-pengane går til prosjekt i EUs fattigaste medlemsland og skal «bidra til sosial og økonomisk utjevning i EØS-området». Kvart år går store summar til kulturarvprosjekt.

LES MEIR Forbereder stavkirker på klimaendringene

Sende elevar

Den grøne synagogen blei redda også takka vere bygningsarbeidarar frå Norge. I to år har byggfagelevar frå Sam Eyde videregående skole i Arendal reist i puljer til Rezekne og arbeidd med å føre gudshuset tilbake til sin opphavlege utsjånad. Nordmennene har samarbeid med to skular i byen, lokale handverkarar og eit byggjefirma som hadde hovudansvaret for prosjektet.

– Arendal og Rezekne er vennskapsbyar, og ein lærar ved ein av dei vidaregåande skulane her i byen, som brenn for bygningsvern, ivra for at byggfagelevar herfrå skulle vere med og restaurere synagogen. Slik fekk dei lært gamle byggjeteknikkar - og Rezekne fekk tilbake Den grøne synagogen, fortel studierektor Beate Nilsen Ringsøyr ved Sam Eyde.

Adrian Ugland har lært teknikken rapping:

– Du tek sementen, eller mørtelen, og pressar han på veggen eller taket, og så jamnar du ut med kost. Rapping er å leggje mørtel på treverk.

Ugland var så ivrig at han fekk bli med Sam Eyde-gruppa til Rezekne to gonger.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Rosar jobben

Riksantikvaren, som er såkalla programpartnar for kulturarvprogramma i dei baltiske landa, var i Latvia under gjenopninga av Den grøne synagogen - og er full av lovord:

– Det er eit imponerande arbeid som er gjort på Den grøne synagogen. No er han blitt ein attraksjon for både Rezekne og området rundt. Prosjektet er eit strålande døme på godt EØS-samarbeid, meiner rådgjevar Håkon Halgrimsen i internasjonal seksjon hjå Riksantikvaren.

Alt som er gjort utvendig og innvendig på synagogen har følgt antikvariske prinsipp og er godkjent av den latviske riksantikvaren.

Samlar jødar

Synagogen skal no brukast til bygningsvernsenter og utstillingslokale for jødisk kulturarv - og som synagoge.

Totalt er det rundt 10.000 registerte medlemmer i jødiske forsamlingar i Latvia, opplyser Jødisk museum i hovudstaden Riga. 39 av dei bur i Rezekne.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur