Kultur

Storsalen samlar breakdansarar frå aust og vest

Då forskar Tonje Fjogstad Langnes oppsøkte breakdancemiljøa, fann ho aksept for ulikskap og verdiar med røter i slavetida.

– Eg har dedikert livet mitt til Storsalen, dette er min andre heim. Det beste er at det er opent for alle og alle elskar kvarandre, seier Mohammed Sheik Hussein.

Sheik Hussein er profesjonell dansar og ein av dei beste innan hiphopsjangeren popping.

– No er eg 25. Då eg kom hit som 21-åring, visste eg ikkje kva eg ville med livet. Storsalen fekk meg til å bli skikkeleg seriøs med dansinga, og har gjort det mogleg for meg å komme langt på kort tid.

Breakdance kjem frå hiphopkulturen i USA og var opphavleg ein improvisert dansestil som høyrde heime på gata. Med tida har stilarten trekt inn i danselokale med instruktørar som lærer vekk koreografi. I Storsalen kan du danse korleis du vil og lære av andre breakarar.

– «Each one teach one». Når folk har hjelpt meg til å bli ein betre dansar, er det mi plikt å gje det eg har lært vidare. «Sharing is caring», seier Sheik Hussein.

Forska på breakdance

Førsteamanuensis Tonje Fjogstad Langnes gjorde eit åtte månadar langt feltarbeid i Oslos breakemiljø i samband med ei doktorgradsavhandling i idrettsvitskap for Norges idrettshøyskole som vart publisert i 2018. Ho fann eit miljø prega av aksept for ulikskap og verdiar med røter i slavetida.

– Ein sentral verdi i hiphopkultur er at du skal gje det du har lært vidare. Nokre meiner det kjem frå slavetida i USA kor det berre var nokre få svarte som kunne lese. Dei som kunne det, var plikta til å lære opp andre. Slik er det også i breakemiljøet i Oslo. Du skal vise at du kan mykje med det litle du har, nemleg kroppen – det er det hiphopkulturen handlar om.

Trass i at breakdance dyrkar maskulinitet og at det er flest gutar som driv med det, meiner Langnes at det finst rom for å leike med kjønnsstereotypiar.

– Breaking er mannsdominert, og stilen er knytt til hypermaskulinitet – ein maskulinitet som elles ikkje blir høgt verdsett i samfunnet. Gutane tek seg gjerne på ballane og overdriv det maskuline. Samstundes skal dei finne sin unike stil. For jentene gjeld det å finne ein hypermaskulin stil med feminin touch. Dei må jobbe med mykje med denne balansegangen. Gutane kan også leike med feminitet. Såleis er breaking med på å dytte kjønnskategoriane i nye retningar.

Delar av feltarbeid til Langnes vart gjort i Storsalen. Også ho beit seg merke i kor stort mangfaldet er der.

– Det er ingen påmelding eller opplegg for korleis dei skal danse. Dei berre møter opp og dansar. Breakemiljøet samlar Oslo-folk på tvers av Akerselva og ferdigheitsnivå, i motsetning til den organiserte idretten som samlar lokale deltakarar og sorterer dei etter ferdigheitsnivå. Det er få plassar med så brei brukargruppe i Oslo.

LES OGSÅ: Dans som blikk på verda

Tenker annleis om misjon

Sjølv om dei er i ei kyrkje, er det lite som minner om det. Graffiti på veggane, store speglar, og høg hiphopmusikk gjer meir assosiasjonar til eit undergrundslokale i New York.

– Eg og Storsalen vil at dansarane skal bli kjent med Jesus, men vi tenker litt annleis kring misjon, seier Hanne Sjølie som er tilsett som dansekoordinator i Storsalen.

– Det viktigaste er å byggje relasjonar med folk. Eg prakkar ikkje trua mi på nokre av dansarane, men vi har samtaler om tru når det fell naturleg.

Sjølie tel ikkje frelste dansarar, men tenker at danserommet først og fremst er ei gåve til Oslo.

– Danserommet er ein del av Elsk Oslo-prosjektet til Storsalen. Tanken er at vi vil investere inn i dette sjeldne og skjøre miljøet.

Frukta kyrkja haustar for det rause tilbodet deira, er eit mangfaldig miljø med godt rykte i utlandet.

– Dei internasjonale breakarane som kjem hit, lurar på kvifor det er så mykje kjærleik her. Dei er vande med eit mykje meir konkurranseprega miljø. Eg trur det har noko med Guds kjærleik å gjere. Det er ikkje alle dansarane einige i. Dei vil heller gje æra til hiphopkulturen.

Fasade ikkje viktig

Danserommet bryt med det tradisjonelle bilete folk har av kyrkje. Det er Sjølie stolt av.

– Det finst så mange kor her i landet, men det er ikkje alle som likar å synge. Difor tenker eg det er viktig at kristen-Norge tør satse på arbeid og møteplassar som ikkje er mainstream. Vi er med på å gi byen vår eit nytt syn på kyrkja.

Kor mykje påverknad dei kristne folka i Storsalen har på breakarane, er ikkje godt å seie. Kanskje er det kyrkja som har noko å lære av breakdance.

– I hiphopmiljøet er vi gode på å vere ekte, fasade er ikkje viktig her. Det er kult å skilje seg ut, noko som skapar ein større aksept for folk som er annleis enn deg sjølv. Dette trur eg mange kristne kan bli betre på.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur