Klima

Startar med språket

Forfattar Kristine Næss, rørsla Extinction Rebellion (XR) og klimastreikande ungdom protesterer mot at Stortinget tek ferie før dei erstattar «klimaendringer» med «klimakrise». Korleis skal det å endra språket vårt vere til nytte for klimaet?

På måndag blei forfattar Kristine Næss og andre demonstrantar frå klimarørsla Extinction Rebellion (XR) arrestert då dei blokkerte Klima- og miljødepartementet. No protesterar dei framføre Stortinget. Dei krev at Stortinget erklærar «klimakrise», slik som Bodø og Bergen kommune har gjort.

– For at handling skal kunne skje må dei orda me brukar stå i samsvar med situasjonen me er i, fortel forfattar Kristine Næss til Vårt Land.

– Difor er det intellektuelt, emosjonelt og symbolsk sett særs viktig å endra språket.

Kristine Næss fungerer som konferansier på arrangementet framføre Stortinget. Demonstrantane steiker vaflar, lagar plakatar og heldt appellar. Dei stilte seg også opp og blokkerte inngangen til Stortinget.

LES OGSÅ: Litteraturprofessor Inger Østenstad går gjerne i fengsel for klimasaken.

Dramatiske verkemiddel

Rørsla med rot frå Storbritannia har skapt stor merksemd gjennom bruk av sivil ulydnad, spesielt i moderlandet. Her i Noreg har demonstrantar blant anna blokkert og limt seg sjølv til bygningar og helt falskt blod utanfor kontoret til statsministeren. Dei har også praktisert ein aksjonsform dei kallar «Die-ins» kor demonstrantane legg seg ned og latar som om dei er daude.

Kvifor vel dokker å bruka slike verkemiddel?

Dette er XRs måte å visa kor urolege me burde vere. Rørsla snakkar eit tydeleg språk og brukar teatralske verkemiddel for å riva oss ut av dei vante tankespora, seier Næss.

– Samstundes er me ikkje valdelege og me ryddar opp etter oss sjølv, understrekar ho.

LES OGSÅ: Klima-aktivister oversvømmes av hatske meldinger.

Former medvitet

Kristine Næss fortel at årsaka til at ho har valt å vere såpass aktiv i rørsla og klimasaka heng nær saman med hennar verksemd som forfattar. Ho ser korleis språk, historier og litteratur har viktige funksjonar, også i kampen for miljømessig berekraft.

– Historiene og språket ein omgir seg med er former medvitet vårt. Når me blir minte om den økologiske tilstanden vekker det menneskelege reaksjonar, i form av blant anna sorg og sinne, seier ho.

– Då er det viktig å omvenda reaksjonen til noko produktivt, noko eg meiner me i XR gjer.

- Fleire av karakterane i bøkene dine kan opplevast som framandgjorde, einsame og isolerte. Kan klimasaka også skapa meining og fellesskap?

– Jau, både gjennom det å vera i eit fellesskap, men også ved å kjenna at ein aktivt påverkar verda ein er ein del av. Det meiner eg er kjempeviktig, fortel Kristine Næss.

Ho er bekymra for verda som barna i dag må ta over, samstundes som ho gler seg over ein veksande global rørsle som ho meinar kan skapa håp og gjera ein skilnad.

– Språk og litteratur kan også hjelpa oss å førestilla nye måtar å sjå verda på, ein mogeleg framtid eller ein ny verdsorden. Ein må hugsa at det ein visualiserar seg også kan skje, fortel Kristine Næss.

---

Extenction Rebellion

  • Ei verdomspennande rørsle som protesterar mot klimakrise, tap i biodiversitet og økologisk kollaps.
  • Etablert i Storbritannia i 2018 og har flittig brukt sivil ulydnad som verkemiddel.

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima