Teater

Sjølvkjensle under lupa

Dei speglar oss så vi ler og græt, skodespelarane i Carl Frode Tillers Kven er redd?.

Carl Frode Tiller har truffe ein haug med spikrar på hovudet i si nyskrivne teaterframsyning. Den største av spikrane er at vårt sårbare indre er så ømt at vi ikkje torer å la nokon sjå det. Kanskje ikkje eingong våre nærmaste, ja, kan hende vi ikkje vil sanna det sjølve heller. Vi gøymer oss bakom ulike fasadar. Det gjer ikkje samtale og samliv enkelt. Men på scenen kan det bli svært interessant – og morosamt.

Hakka i fillebitar

Der ser vi Bjørn og familien hans. Med kona Ingvild, to tenåringsborn, far til Bjørn og foreldra til Ingvild. Bjørn har gjort ei lita klassereise frå arbeidarheimen der han vaks opp med ein grovkjefta far. Han har blitt skodespelar og gifta seg med Ingvild som er frå finare kår. Men lukka smiler ikkje til dei. Ungane er i kvar si tenåringsboble, og sjølve er dei irritable og mistruiske til kvarandre. Knapt ei setning når fram til den andre utan at ho blir hakka i fillebitar og analysert for moglege skjulte, negative bodskap.

Praktfulle typar

Det kan sjå ut som oppskrifta på ein trist og tung teaterkveld, men i denne framsyninga er det humor, energi og framdrift så ein berre må gje seg over. Skodespelarane gjev oss nokre praktfulle typar. Svein Roger Karlsen gjev burlesk liv til Torgeir, Bjørn sin far. Den saftige dialekten hans er dessutan befriande naturleg, i motsetnad til sume av dei andre skodespelarane, som strevar med å få nynorsken til å flyte greitt ut av munnen.

Nedsnøa

Dottera Sara på 16 blir innsiktsfullt spela av Sara Khorami. Ho har kroppsspråket til den usikre men entusiastiske tenåringen inne. Axel Gehrken Bøyum gjer broren Odin til ein passe nedsnøa 15-åring, skråsikker i all si vingling. Og Bjørn sine svigerforeldre, kosteleg tolka av Trini Lund og Svein Tindberg seglar inn i heimen med mykje pikkpakk og snobbeklisjear struttande av fakter og replikkar.

I ei lita rolle som Ingvilds kollega på julebord treffer vi Kadir Talabani. Han er, tilliks med Sara Khorami, del av førstegrøden frå Det Norske Teatret si satsing på å utdanna folk med innvandrarbakgrunn, Multinorske. Mangfaldet kler stykket.

Skjer i hjartet

Bjørn sjølv og kona får engasjerande liv av Frode Winther og Ulrikke Hansen Døvigen. Vi ser korleis dei båe ber på nedarva kjensler av ikkje å strekkja til, men i staden for å stø kvarandre, hakkar dei på einannan så ironisk og kvasst at det skjer i hjartet. Likevel ser vi gneistar av kjærleik mellom dei, og stykket endar med von om betre tider, i alle fall litt, kanskje.

Elegant

Framsyninga har elegante sceneskift der scenograf Bård Lie Thorbjørnsen og lysdesignar Torkel Skjærven har samarbeidd godt. For mest heile heimen til Bjørn og Ingvild er på scenen, med stove, kjøkken og bad. Jamvel verda utanfor tek dei inn, ved at vi kan sjå eit kraftig snøvêr utanfor vindauga. Men det er lyssetjinga som avgjer kvar vi har fokus.

Eit tips til slutt: Et før du kjem og ser dette stykket! Dei lagar den eine middagen etter den andre, og det luktar godt av steikt løk.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Teater