Omvendinga frå heidendom til kristendom finn stad tidlegare i England enn lenger nord i Europa, og startar ifølgje Zeruneith, dr. phil. og dosent emeritus i litteratur ved Københavns universitet, allereie ved byrjinga av 600-talet, tidleg i landets angelsaksiske periode. Det er pave Gregor den store, og hans misjonærar, som truar folket med at den store dom står for døra. Gradvis får kristendommen feste folket – og i poesien.