Kultur

Sjelspoesi frå ei anna tid

Den angelsaksiske diktinga er historisk sett heilt unik, hevdar den danske forfattaren Keld Zeruneith, fordi ho skildrar dei sjelsopprivande følgjene av å leve i brytningstida mellom heidendom og kristendom.

Omvendinga frå heidendom til kristendom finn stad tidlegare i England enn lenger nord i Europa, og startar ifølgje Zeruneith, dr. phil. og dosent emeritus i litteratur ved Københavns universitet, allereie ved byrjinga av 600-talet, tidleg i landets angelsaksiske periode. Det er pave Gregor den store, og hans misjonærar, som truar folket med at den store dom står for døra. Gradvis får kristendommen feste folket – og i poesien.

I boka De sidste tider, som kom ut i Danmark i haust, skildrar Zeruneith korleis den angelsaksiske diktinga gir oss eit innblikk i kva verknad overgangen hadde på folks mentalitet, og korleis den heidenske verda levde vidare i den nye trua si utforming. Angelsaksisk dikting er først og fremst sjelspoesi, skriv han, og viser gjennom boka korleis diktinga blir den best tenkjelege kjelda til medvitslivet i perioden.

LES OGSÅ: Gamle guder blir som nye

Endetid

– Kristendommen baud folk ei anna livsforståing enn den heidenske religionen kunne, som strekte seg frå skaping til dommedag. I ei tid då folk levde i frykt for naturkatastrofar, fortel Zeruneith til Vårt Land.

– Kvifor har du valt å kalle boka De sidste tider?

– Folk på denne tida trudde heilt og fast på at verda skulle vare i 6000 år, og at dei første 5000 åra var gått ved Kristi fødsel. Perioden, og diktinga, er derfor prega av ei sterk undergangsstemning.

Zeruneith vil i boka gi eit heilskapsbilde både av denne undergangsstemninga, men også korleis dikta skildrar perioden både som ei skilsetjande brytningstid med påfølgjande livsproblem vi kan kjenne att frå i dag: eksistensiell angst, depresjon og ei kjensle av heimløyse – og korleis gamle helteideal klorte seg fast. Den prekristne heroiske diktforma heldt seg levande lenge etter at kristendommens krav om audmjuke hadde fortrengt den krigarske heltens jakt etter ry og ettermæle. Det tok tid før omvendinga trengte heilt igjennom.

LES OGSÅ: Korsfarerne hadde mer tro enn blodtørst

Unikt innblikk

Zeruneith fortel at det som kjenneteiknar denne diktinga særleg er at det er eksistensiell poesi i eg-form.

– Her i Norden har vi stort sett berre kjelder som gir oss ei ytre skildring av innføringa av kristendommen; ikkje som viser kva det hadde for psykologiske og samfunnsmessige konsekvensar, kva for sjelsopprivande følgjer det kunne ha å leve i ei slik brytningstid. Det gjer den angelsaksiske diktinga på eit kjenslemessig plan. Og i den forstand er den historisk sett heilt unik.

Det meste av den angelsaksiske poesien er religiøs, men den heroiske diktinga, ofte basert på germanske heltesoger, lever vidare.

– Den heroiske diktinga handlar om å vinne ære og ry og rikdom, om ytre glans og heroisk sjølvhevding. Den kristne diktinga handlar motsett om det indre liv, om ikkje å vere hovmodig, men audmjuk, ikkje om livet her og no, men i eit evig perspektiv.

LES OGSÅ: Heltedikt for vår eiga tid

Ære eller frelse?

Til trass for at desse ideala verkar gjensidig utelukkande, kunne dei smelte saman i diktinga.

– Sjølv om dei fleste av dikta er styrte av ei kristen livshaldning, og ein melankolsk grunntanke om å vere åtskilt frå Gud i eit jordisk eksil, får dei mykje bildestoff og ordval frå heltediktinga, fortel Zeruneith.

Høvding og konge er byta ut med Gud, hæren er blitt ein englehær, og ein jagar ikkje lenger etter gull og heider og ære, men etter frelse. Forteljingane er dei same, men dei flyttar det heroiske fikseringspunktet til himmelen.

– Den mest sannsynlege forklaringa på det, er nok at ein ikkje hadde noka anna røynd å forstå sine religiøse erfaringar ut frå.

Vegen frå heltedikting til Det gamle testamente var heller ikkje nødvendigvis lang.

– Diktarane nyttar i høg grad det militaristiske bildespråket frå Det gamle testamente til å skildre det indre sjeleliv, slik Kristus til dømes blir ein sigrande konge, omgitt av sin hær av englar og martyrar, den nye tids heltar, i kampen mot det vonde.

LES OGSÅ: Feirer kristningsslaget

Melankoli

Desse kontrasterande ideala levde ifølgje Zeruneith ofte side om side både i samfunnet og i det einskilde menneske – ofte med store psykiske spenningar til følgje, og melankoli og ei form for depresjon pregar tida. Diktinga er prega av eit sterkt medvit rundt dette skiftet, skildra som eit skjebneomslag som skil før frå no.

Zeruneith viser til at fleire dikt til dømes fortel om korleis den før så mektige og rike konge og høvding mistar alle ytre ting, så han no berre har den evige frelsa å setje sin lit til – og her kan ein også sjå ein tydeleg nostalgi til ei svunnen tid, ei slags lengsle etter tida før kristendommen.

Diktet om den legendariske helten Beowulf er kanskje det som i ettertid har fått mest merksemd, og har fått status som nasjonalepos i England. Også Zeruneith vier det stor plass i boka – ikkje berre fordi diktet har nordisk opphav (handlinga utspeler seg i Sverige og Danmark), men fordi det er eit av dei beste døma på spenninga mellom det heidenske og det kristne på denne tida. Hovmodet, som i den angelsaksiske kristendommen blir den største av syndene, er på mange måtar nettopp det som driv Beowulf gjennom heile livet, frå han kjempar og vinn over monsteret Grendel, til han på dødsleiet krev å få reist eit monument etter seg.

LES OGSÅ: Da gud tordnet og lynte

Indre spenning

Men sjølv om Beowulf sjølv ikkje viser teikn på å vere korkje opptatt av frelse eller å slåss for Gud, meiner diktets kristne forteljar at han er det.

– Den indre spenninga mellom det heidenske og kristne har skapt over tusen ulike tolkingar av diktet, som spenner frå å oppfatte helten, Beowulf, som ein Kristus-figur i kamp med vonde makter, til å sjå han som ein heidensk helt, som støtt strevar etter å bygge opp sitt heroiske rykte.

Det er fleire religiøse skikkelsar i diktet, men helten sjølv verkar ikkje å oppfatte seg sjølv som i Guds teneste, sjølv om han ofte omtalar Gud.

– Slik sett illustrerer Beowulf den kampen som kristendommen må ha vore i stilt overfor den germanske heroismens livsgrunnlag, seier Keld Zeruneith.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur