Bøker

Selma Lagerlöfs heilage stad

På 1800-talet var det fleire som reiste til det heilage ­Jerusalem dei hadde lese om i Bibelen. Møtet med den skitne og karrige byen skuffa mange, også Selma Lagerlöfs utvandrarar.

«Da hun så Jerusalem ligge dypt inne blant fjellene ... syntes hun at hun forsto at byen lå der som noe hemmelighetsfullt og isolert, fra tidenes morgen bestemt til skueplass for de viktigste hendelser. Hun følte en underlig medlidenhet med denne byen som alltid var knuget av et forferdelig alvor. Den lå og ruget i sorg over noe som aldri kunne gjøres ugjort og aldri kunne glemmes.»

Sitatet er henta frå band nummer to av den svenske ­forfattaren Selma Lagerlöfs store roman ­Jerusalem (1901–1902), og seier mykje om det historiske, skjebne tunge og mytologiske teppet som ligg tungt over byen for mange – i dag så vel som på Lagerlöfs tid.

Jerusalem er meir enn ein by; også for oss skandinavar som ­aldri har vore der. Og utan tvil for vekkingsrørsla i Skandinavia ved førre hundreårsskifte. For bygde­folket som Lagerlöf skriv om, var det opphav og all framtid som kvilte i byen, og som fekk dei til å reise frå Dalarna i Sverige til Midtausten.

Nøkkel

– I dette ­romanverket snører Lagerlöf saman dei ­religiøse strøymingane i si tid, ­fortel Ragnhild Johnsrud ­Zorgati, første­amanuensis i religions­historie ved Universitetet i Oslo.

Ho er leiar av eit under­prosjekt i Det teologiske menighets­fakultetets store Jerusalem-­prosjekt, der dei ser på førestillingar av Jerusalem i ­Skandinavia på 1800-talet, fram til Første verdskrigen bryt ut.

Dei vil ­prøve å skrive Skandinavias kristne ­historie med Jerusalem som ­linse, med utgangspunkt i kart, reiseskildringar og religiøse tekstar frå perioden. Lagerlöfs Jerusalem er ei viktig skjønnlitterær kjelde. Ved mellom anna å undersøkje Lagerlöfs framstilling av den heilage byen, vil dei prøve å finne nøkkelen til eit meiningsunivers som kjenneteiknast av ein nedarva kunnskap om bibelhistorie.

LES OGSÅ: Fjernar kjelde til bråk i Jerusalem

Lagerlöfs roman handlar om ei gruppe bønder frå ein bygdesamfunn i Dalarna i Sverige som utvandrar til Jerusalem. Boka er komponert med desse geografiske stadane som motpolar.

– Bygdesamfunnet blir ridd av vekkinga. Det fører til ­splitting i samfunnet. Den gamle ­ordenen blir utfordra ved bygginga av eit bedehus der lekfolk tek til å ­preike og den gamle presten blir stilt på sidelinja. ­Deretter kjem vekkingspredikanten Helgum tilbake frå Amerika og ­forkynner den rette læra for dei få ­utvalde. Enkelte i bygda vel å følgje ­Helgum, mens andre blir ved den tradisjonelle læra. Når Lagerlöf skildrar ­konflikten ­mellom tradisjonell luthersk kristendom, lekmannsrørsla og ein gryande sekterisme, set ho søkelys på viktige strøymingar som skulle prege det skandinaviske samfunnet.

Meiningssøken

Til slutt sel mange av Helgum-følgjarane alt dei eig og reiser til Jerusalem, der dei slår seg ned saman med trusbrør som kjem frå Amerika.

– Lagerlöfs roman ­bygger på verkelege hendingar. 37 ­familiar reiste frå Nås i Dalarna til ­Jerusalem, og blir del av det utopiske samfunnet som er blitt kjent som The American Colony, fortel Zorgati.

I 1899 drar Lagerlöf sjølv til Jerusalem for å sjå byen med eigne auge.

– Kjerneverdiane hennar er kjærleik, empati og nåde, meir enn gudstru, seier ­reisejournalist Arild Molstad som no er ­aktuell med boka I store forfatteres ­fotspor på Cappelen Damm.

– Men eg trur ho var tiltrekt av vekkingsrørsla sin søken ­etter meining. Ein kjende vel den ­gongen som no på kjensla av at det senkar seg ei slags håpløyse over kloden, og at ein må leite for å finne meining, seier han.

LES OGSÅ: Skreiv krim frå Midtausten

Større horisontar

Molstads litterære reiseskildringar er ­tidlegare utgitte som guide­bøker i pocketformat. No kjem dei ut som essayistiske tekstar med det litterære som tyngdepunkt. Fellesnemnaren for boka er forfattarar som reiste ut, for å få større horisontar, og som i dei fleste tilfelle endra måten dei skreiv på.

– Nokre av desse har jo sett sitt preg på staden dei kom til – for oss skandinavar. Ein israelar vil kanskje ikkje seie at Selma ­Lagerlöf har endra noko i ­måten ho eller han ser Jerusalem på, men for mange skandinavar vil Lagerlöfs skildringar gi atterklang når dei er i byen.

Molstad siterer eit Jerusalem-bilde frå romanen, der ­Lagerlöf kallar det den gamle verdas ­spøkelsesrom, og forklarer det slik:

– Dette er ein by der alle som trur, har rett. Ein by som skal ha plass til alle si historie, alle sin mytologi, alle sine ånder. Kor enn du snur deg, møter du svar.

Jerusalem-syndromet

Byen Lagerlöf skildrar, står i skarp kontrast til det idylliserte ­Dalarna – og til utopien om den heilage byen som mange nok såg for seg.

«Det forholder seg virkelig slik at ikke alle mennesker er sterke nok til å tåle å leve lenge i ­Jerusalem», skriv ho. For sjølv om dei kan klare klimaet og ikkje blir smitta av sjukdom, kan det vere dei bukkar under likevel, skriv ho, for den heilage stad gjer dei til hypokondrar eller vanvettuge, eller drep dei.

– Dalarna er framstilt som frodig og grønt. Jerusalem er ­skitent, fattigsleg, karrig – og svarar overhovudet ikkje til førestillingane byen var assosiert med, seier Ragnhild Johnsrud Zorgati.

Ho fortel om ein av roman­karakterane som blir sjuk ikkje lenge etter at han kjem fram, og som lengtar etter det ­himmelske Jerusalem, til perleporten og ­gater av gull. I staden blir han slept gjennom støvete gater fulle av hundar som gøyr. Ein annan karakter, Gjertrud, går kvar dag opp på Oljeberget og ber, medan ho ventar på at Jesus skal kome att, til ho sjølv blir både fysisk og psykisk sjuk.

– Også reiseskildringane frå denne perioden er prega av forventingar som ikkje blir ­innfridde. Folk reiser til Jerusalem for å gå i Herrens fotspor, med utopiske førestillingar om eit himmelsk Jerusalem som kart og kompass. Det dei møter, er noko heilt anna, seier Zorgati.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker