Film

Samfunnsaktuelle dokumentarar på fleire plattformer

Valdtekt, asylbarn og flukt frå Syria. Ei rekke aktuelle dokumentarfilmar får premiere på TV og nett dei nærmaste månadane.

Dokumentarfilm er kanskje best på kino, men i haust kjem ei rekke av dei viktigaste satsingane heilt inn i stova di. I går presenterte Norsk filminstitutt dokumentarfilmane og -seriane som truleg vil bli snakka om det neste halve året. I tillegg til å bli vist på filmfestivalar som Bergen Internasjonale Filmfestival, skal dokumentarane sendast på NRK, TV 2, VG TV og Aftenposten TV.

– Dei vil vekke kjensler, skape debatt og sette dagsorden, seier direktør i Norsk filminstitutt, Sindre Guldvog.

Samfunnsaktualitet

Norsk filminstitutt har sjølve gitt rundt 50 millionar kroner i støtte til ei rekke filmar. Blant dei 13 filmane og seriane som vart presenterte i går, var samfunnsaktualitet eit gjennomgåande trekk.

Regissørane Christer Fasmer og Ragnhild Sørheim står bak ein dokumentarserie om asylbarn, «Asylbarna», som skal sendast på VG TV. Miniserien på fire program følgjer fire lengeverande asylbarn etter utsendinga frå Noreg, til mellom anna Afghanistan og Nigeria.

LES OGSÅ: – Vi må bruke kjærlighet i møte med ekstremistene

Syriske flyktningar

Ein anna samfunnsaktuell dokumentar er «The Crossing», som skildrar ei gruppe syrarar som flyktar frå krigen i heimlandet. Regissør Georg Kurian nyttar blant anna fotomaterial frå menneskesmuglarar i båt over Middelhavet. Filmen skal visast på NRK.

Aktuell er også Aslak Danbolts dokuserie «Uteligger» (TV 2), som viser korleis eventyraren Petter Nyquist lever på gata i Oslo i 52 døgn. Sambuaren og dottera på to år var igjen heime mens Nyquist levde som uteliggar med filmkamera rundt 20 minutt unna.

Valdtekt

Linda Steinhoff har laga dokumentaren «Voldtatt» (NRK), som tek ei personleg retning når ein innsett valdtektsforbytar meiner at regissøren bør ta si eiga vonde erfaring til politiet.

Nina Grünfeld har tidlegare laga to filmar om far sin, psykiateren Berthold Grünfeld. I dokumentaren «Ninas barn» (NRK) avsluttar hun ein personleg filmtrilogi med å fortelje om faren og andre jødiske barn sin oppvekst på den jødiske barneheimen i Oslo under andre verdskrigen.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Tre filmar handlar om sjukdom: «Idas dagbok» (NRK) om psykisk ustabilitet, og «Arven» (Aftenposten TV) og «Einars forsvinningsnummer» (NRK) om kreft.

Andre filmar som får visning på TV og nett i haust er dokukomedien «The Visit» (Aftenposten TV), ballettfilmen «Maiko» (NRK), fleinsoppskildringa «Psykonauten» (Aftenposten TV) og «Familiearven» (NRK), ein film om familien som driv Tuddal Høyfjellshotell i Telemark.

I tillegg har dokumentaren Pøbler allereie hatt premiere på kino, mens co-produksjonen Sunshine Superman får kinopremiere i oktober.

LES OGSÅ: Dokumentarfilmskaper ønsker å ufarliggjøre det å være annerledes

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film