Bøker

Russarane kjem ikkje

Heller ikkje i morgon når du vaknar kjem det til å stå russiske bjørnar eller tanks i hagen din. Den kollektive frykta vår for Russland er sterkt overdrive.

I alle fall er det det Bernhard Mohr prøver å sei oss i den velskrivne, nyanserte og innsiktsfulle boka Hva vil russerne med Norge?

Alle hugsar vi den litt hjelpelause Toro-reklamen på slutten av 1990-talet, der ein mann heilt utan meining og innleving såg rett inn i kameraet og sa: «Olaf, du må vakna! Indianarane kjem!». Så mange av oss såg denne reklamen at sitatet fort vart eit slags kollektivt minne for det norske folk.

Like kollektivt, og nesten like uforklarleg viss vi ser på dei historiske fakta, er denne frykta vi nordmenn har for at den store naboen i aust – Russland - plutseleg og utan forvarsel skal invadere oss. «Russarane kjem», kan vi finne på å sei til kvarandre, før vi utplasserer amerikanske troppar på basar i Norge og bygger ut Forsvaret i Finnmark.

Bjørnen

Det skal ikkje meir til enn at nokon stiller spørsmålet «kva vil russarane med Norge?» slik Mohr gjer allereie i boktittelen sin, før mange av oss ser bilete av russiske tanks rulle innover grensa i Aust-Finnmark. Vi ser det også i litteraturen og populærkulturen, der russarane til stadigheit blir framstilt som den skumle fienden som eigentleg berre lengtar etter å ta oss, slik som i TV-serien «Okkupert» på TV2, og boka Hvit armada av Ørjan N. Karlsson frå 2019. Det er den kjende myta om russarane som den store og farlege bjørnen på andre sida av grensa, ein bjørn som når som helst kan vakne og valse over oss før vi får stava N-A-T-O.

Mohr intervjuar, reiser rundt i russiske byar og sjelegranskar våre russiske naboar etter svar. Det er særs underhaldande lesing, med alt frå russiske norskstudentar og politikarar som deler tankane sine med oss, til sterke reiseskildringar frå Nordaust-Russland og skarpe analysar av den norske medieomtalen av Russland.

Ikkje så interesserte

Kva vil dei eigentleg med oss? Heile tida ligg dette spørsmålet der og vakar i overflata. Det Mohr finn tyder ikkje på noko som liknar aggresjon, men langt meir noko som liknar likegyldigheit. Mange av russarane ser ut til å gi blanke i oss. Mange av dei klarar ikkje eingong å skilje Norge frå dei andre skandinaviske landa. Endå mindre kva som skjer i Norge.

Mohrs bok gir inntrykk av eit Russland som eigentleg er seg sjølv nok. Ja, det russiske regimet med Putin i spissen bryt menneskerettar, er eit autoritært regime og invaderer fleire av sine mindre naboar som Georgia og Ukraina. Er det ikkje då sannsynleg at dei også kunne finne på å forsyne seg av Finnmark ein mørk vinterdag?

Jo, Russland er sjølvhevdande og bøllete på den internasjonale arenaen. Det er Mohr også tydeleg på. Dei hackar, spionerer og står på. Det er sjølvsagt sterkt kritikkverdig, men det betyr ikkje at vi dermed er forplikta til å måtte miste resten av Russland av syne.

Møtast i periferien

Dei historiske fakta – og dei lærer vi mykje om i Mohrs glitrande fortelling – talar sitt klare språk. Verken før eller etter den russisk-norske grensa vart fastlagt i 1826 har det vore væpna konflikt mellom oss og russarane. Mohr understrekar kor uvanleg dette er viss vi samanliknar oss med alle dei andre landa som deler grense med Russland – noko vi også kunne lese om i boka Grensen av Erika Fatland for eit par år sidan.

Hovudforklaringa på at det har vore så roleg mellom oss og russarane, er i følge Mohr at vi møtast i periferien av landa våre, i eit område der den ugjestmilde naturen er herre.

Asymmetrisk

Så kvifor er vi så redde, då? Mykje handlar om at vi – eit lite land i ytterkanten av Europa – ikkje forstår det store landet i aust som strekker seg over elleve tidssoner frå Murmansk til Vladivostok. Kanskje gjer denne asymmetrien det tilnærma umogleg for den jamne nordmenn å forstå Russland, men Mohr gjer eit heltemodig forsøk på å rette opp i det.

Mohrs analyse er god og gjennomarbeidd. Han trekk for eksempel fram saka om då russiske styresmakter kritiserte den norske forvaltninga av Svalbard-traktaten, ei nyheit som blei slått stort opp i alle norske medier. Alle som las saka kunne jo få inntrykk av at kritikken av Svalbard også var ei stor sak for russarane. Faktum var at den var 16. og siste punkt på det russiske utanriksdepartementet si faste vekelege presseorientering. Det som for russarane er eit komma, kan prege det norske nyheitsbiletet i dagevis. Slik går det norsk-russiske forholdet inn i eit mønster som pregar forholdet mellom små og store land mange stader i verda.

Betre enn Putin

Det er eit sympatisk prosjekt Mohr leverer med boka si, som på mange måtar må kunne seiast å vere ein oppfølgar til hans førre bok Hvorfor stemmer russerne på Putin? Han tar oss med bak fasadane, inn i heimane, inn i den russiske tenkemåten – langt forbi klisjeane om den vodkadrikkande, spontane, kjenslesterke og spontane russaren som er mest opptatt av å vise styrke. Russland er ikkje synonymt med Putins regime.

At Mohr attpåtil har eit levande, drivande språk og er ein forteljar av rang, gjer boka til ein lesefest.

Eg sit att med eit inntrykk av eit Russland som er i rørsle, der framtida kan bli betre enn det Putin-regimet har planar om, der demokrati og menneskerettar ein dag kan spele ei langt større og viktigare rolle. Som Mohr skriv: «De fleste russere på min alder og yngre er som europeere flest».

Spegler oss

Bokas framside er det umogleg å ikkje legge merke til. Det som ved første augekast ser ut som eit bilete av det norske Stortinget, førestiller i realiteten eit kikkertsikte frå ein (russisk?) militærinstallasjon retta mot den norske nasjonalforsamlinga – slik spegler Mohr sjølv på myta om frykta som ligg djupt i det norske samfunnet.

Eg trur det ville vore meir rett å ha hatt ein spegel på framsida. Kanskje ein spegel prega av fargane til det russiske flagget? For gjennom boka vil lesaren få vel så mykje innsikt og perspektiv på oss nordmenn og våre sjølvbilete, som på dei russarane vi les om. Det trengs.

LES OGSÅ: Ny bok går i spora etter nynazistane: Ein ekte grøssar frå verkelegheita

Geir Ove Fonn kommenterer: – Kan koronakrisen svekke «tsar» Putin?

---

Sakprosa

  • Hva vil russerne med Norge?
  • Bernhard Mohr
  • Cappelen Damm

---

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker