Kultur

Ramponert kyrkje blei kulturarena – no feirar Kulturkirken Jakob 20 år

– For 20 år sidan visste ingen kva fenomenet kulturkyrkjer var. I dag er det ei ­sjølvfølge over store delar av Europa, fortel dagleg leiar i KKV, Erik Hillestad.

Idet Kulturkirken Jakob no feirar 20-årsjubileum har kyrkja utvikla seg til å bli ein av dei viktig­aste kulturarenaene i Oslo.

– På den tida har vi blant anna arrangert ulike musikkarrangement frå gregoriansk song til heavy metal og opna kyrkja for nyare kunstuttrykk som installasjonar og videokunst, fortel dagleg leiar i Kirkelig Kulturverksted (KKV), Erik Hillestad.

Kulturkirken Jakob blir driven av KKV og er etter 20 år den ­einaste reindyrka kulturkyrkja i Noreg. Ho har kanskje vore det fremste døme på korleis eldre kyrkjebygg kan få ei ny og aktiv rolle i bybildet.

– Kulturkirken Jakob har vore ein del av ei større europeisk rørsle i å reaktualisere kyrkjelege bygg. Ho har motverka ­sigande besøkstal i kyrkja, fortel Hillestad.

Trass i å vere den einaste reindyrka kulturkyrkja i Noreg har KKV også evna å bevare det ­liturgiske. Dei regelmessige ­Jakobmessene har vore karakteristiske gudsteneste og sentrale innslag i programmet til kyrkja.

– Med det har me vist at me framleis er ei kyrkje og ikkje berre ein kulturarena, fortel Hillestad.

DDE. Frelsesarmeen. Juleplate. KKV. Kirkelig Kulturverksted. Kulturkirken Jakob. Christian Bj¯rke har navn!
– For 20 år sidan visste ingen kva fenomenet kulturkyrkjer var, fortel dagleg leiar i Kristelig Kulturnettverk, Erik Hille­stad. Foto: Kai-Otto Melau / arkiv

Historie

Jakob kyrkje blei bygd i 1880. Ho husa kyrkje­lyden som besto av folkesetnaden i nedste del av Akerselva i 105 år før byutviklinga endra dei demografiske forholda og kyrkja la ned som soknekyrkje i 1985.

Biskop i Oslo på den tida ­ønska at bygget skulle rivast for å hindre at kyrkja blei om til eit ubrukt vedlikehaldsprosjekt. By- og riksantikvar makta likevel å frede bygget i 1986, utan at det førte til at større formelle tilskipingar fann stad.

Ramponert

Då KKV fekk ta over drifta av kyrkja i 2000 hadde det i den 15 år lange tidsperioden vore få andre enn ubodne gjestar som tok seg inn i bygget for husly eller for å arrangere alternative festar.

– Kyrkja blei fullstendig ramponert på den tida. Orgelet var stole og pipene selde på den svarte marknaden, fortel Hillestad.

Sidan den tida har mykje skjedd med kyrkja, men ho er framleis gamal og trenger vedlikehald. Hillestad fortel at bygget blei spjelka i 1999, men at det no tyder på at det er trong for å fundamentere bygget på ny. Det vil koste, og han håpar midla kjem snarleg.

Oppreist

Hillestad kan likevel forsikre at kyrkja vil stå oppreist under jubileumsfeiringa. Han minner om jubileumsmessa på søndag som vil bli forretta av biskop Gunnar Stålsett. Ellers kan kulturkyrkja lokke publikum til jubileumsåret blant anna med teaterframsyningaTid uten bøker, kunstutstillinga I am us og konsertar av Bjørn Eidsvåg, Sigvart Dagsland og Sunnmøre ­kristelege ungdomskor.

LES MER:

• Vil ha Nansen-pass for kunstnere

• Uenige om leiepris for Kulturkirken Jakob

---

Kulturkirken Jakob 20 år

  • Kulturkirken Jakob feirar 20-årsjubileum i 2020
  • Feiringa byrjar med jubileumsgudsteneste 19. januar, der Jakobmessa sitt faste team vil delta med artisten Marthe Valle og skodespelar Fredrik Høyer. Biskop emeritus Gunnar Stålsett vil forrette
  • Teaterframsyninga Tid uten bøker har premiere 17. januar og handlar om kommunikasjon i land som har hatt diktatur
  • Dei første planlagde ­musikkinnslaga er Skruk (7. februar) og Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland (26.mars)
  • Kunstutstillinga I am us opnar 5. mars og viser verk frå den palestinske kunstnaren­ Tayseer Barakat og fotokunstnaren Eivind Natvig
  • Programmet for jubileums­året er framleis i utvikling og kan følgast på jakob.no

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur