Bøker

Poetisk grøssar

Oppsiktsvekkjande djerv biletskaping hjå diktdebutant som skriv om skremmande trugsmål mot identiteten.

Det tok tid før eg kom på talefot med Martin Ingebrigtsens debutsamling Riv av seg ansiktet. Det er tale om ei meir eller mindre samanhengande forteljing om eit eg i draumeaktige sekvensar. Stundom er det filmatisk og nesten heile vegen er det som eit skremmande brutalt, surrealistisk trugsmål om oppløysing og undergang.

Blodøksa

Ingebrigtsen er ei uvanleg røyst i dagens norske ungpoesi. Han vågar ei tilnærming til horror- og grøssarsjangeren som mest har vore dyrka i eldre prosa men som dukkar opp på vitalt vis i desse debutdikta. Sjangeren har ein rik tradisjon men altså med færre nedslag i poesien. I romantikken har vi t.d. Edgar Allan Poes "The Raven" og i nyare nordisk poesi Gyrdir Elíassons gotiske grøssardikt, særleg i samlinga Ei slags hovudløysing der han alluderer til Egill Skalla-Grímssons dikt kor skalden bergar seg frå øksa til Eirik Blodøks ved å dikta. Hjå den moderne poeten framstår diktet som utvegar i språket til å redda seg, iallfall den rasjonelle delen av hovudet, frå blodøksa.

Om denne bloddryppande sida ved Ingebrigtsens dikt skal lesast som ei slags hovudløysing, skal eg ikkje påstå – men det gjev meining for meg å lesa dikta på denne måten.

Rått og vondt

Bileta er ofte råe og vonde, med brutale og stundom motbydelege glimt inn i verd som aller mest minnar meg om utsegn frå folk som er råka av psykotiske lidingar. Men stundom – og heldigvis, både for diktet og for lesaren – vert desse gotiske grøssarbileta voge opp med såre og stundom ufatteleg vakre bilete av noko heilt anna. Eg les dette andre som det hovudløysing–diktet skal berga.

For debutboka er eitt samanhengande dikt om eit eg, ei mor, ein far, ein bror og ei som er død. Og eg meir enn anar eit trykk, ei stor smerte som kallar på maskeringar. Her står identiteten på spel i eit diktunivers som er truga av spøkjelse, gudar, slaktarar, brannstiftarar og mordarar.

Lojale mot stjerna

Men slik kan han òg skriva: «du og eg er lojale mot stjerna i busken/ ho vi ikkje kan sjå, men som lyser opp lauv og/ greiner// ho seier kom hit// vi sklir og snublar ned bakken mot dalsøkket og/ kryp inn under greinene for å vere nær// vi legg hendene på kvarandres ansikt/ vi bygger oss ein by i lyset/ vi lagar minne og minna benådar oss/ vi blandar kroppane våre med jorda// vi legg stjerna i båten og skyv ho frå land».

Djervt

Om det er ei god diktsamling?

Det er i alle fall ein oppsiktsvekkjande djerv debut av ein poet som alt i utgangspunktet kan sitt fag, kjenner dei poetiske verkemidla, har rytmesans og tydelegvis har lese mykje litteratur. Ingebrigtsen har i alle fall gjort meg spent på framhaldet. Kanskje skal han tydeleggjera sitt ærend og økonomisera noko med verkemidla då.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker