Kultur

Onkel Skrues julebodskap

Disney-karakteren onkel Skrue McDuck er 70 år denne jula. Og det er i jula hans dickenske opphav blir mest synleg.

Bilde 1 av 3

I år er det 70 år sidan onkel Skrue dukka opp i Andeby og Donald-universet for første gong. Og sjølv om Skrue kan vere både varmhjarta og eventyrlysten, er han, ikkje minst ved juletider, lik sitt opphav: den gamle, gjerrige arbeidsgivaren Ebenezer Scrooge i Dickens juleforteljing frå 1843 – som skal minne oss alle om kva som betyr noko i jula.

Jula 1947

Det er i Carl Barks-historia «Jul i Bjørnefjell» frå 1947 at vi møter Skrue første gong. Donald og nevøane har som vanleg ikkje råd til å feire jul med gåver og god mat, og Barks kjem på at Donald kan ha ein søkkrik og skikkeleg gnien onkel som til slutt sørgjer for at det blir julefeiring på den fine hytta si. Men sjølvsagt ikkje gratis! Først vil han kle seg ut som ein bjørn, skremme dei og more seg på deira kostnad. Han får same namn som Dickens antihelt: Scrooge – eller Skrue, på norsk.

– Det er Carl Barks som har introdusert dei fleste karakterane i Donald-universet, også onkel Skrue, fortel Marius Molaug, Donald-redaktør i Egmont dei siste ti åra.

– Kven er onkel Skrue?

– Han er ein iskald forretningsmann, men han er opptatt av å vere ærleg og jobbe hardt.

Han er symbolet på den amerikanske kapitalisten, men ikkje ein rå kapitalist, slik Molaug ser det. For sjølv om Skrue i denne første historia er nokså gamal og hatsk overfor alt og alle, blir han etter kvart både yngre og meir eventyrlysten, og kjærleiken til pengane handlar også om historiene som ligg bak dei. Han tar med seg nevøane på skattejakter over heile verda, og han blir ein av dei viktigaste karakterane i Donald-universet.

LES OGSÅ: Neste debatt: Julesanger

Mektig and

Molaug peiker også på at Skrue er heilt sentral for Andeby. I boka Donaldismen frå 1973 presenterer forfattar Jon Gisle ein liten biografi: Skrue McDuck er fødd i Skottland i 1881, og tente sin første tiøring – lykketiøringen – då han var mellom åtte og ti år og pussa sko. Derifrå bygde han formuen sin med hardt arbeid og eit nøkternt levesett, i sann protestantisk ånd, til han til slutt blir verdas rikaste and, «som stadig utvider sitt økonomiske imperium ved hardt arbeid, pinlig sparsommelighet, tyrannisk behandling av sine underordnede ...» Han eig omtrent heile Andeby; folk er heilt avhengige av han, og blir derfor makteslause overfor han – slik Bob Cratchett blir overfor Ebenezer Scrooge i A Christmas Carol.

Til trass for eventyrlyst og historier som endar med at Skrue viser seg som godhjarta, er han og blir ein gjerrigknark. Nokre av historiene endar også med at Skrue får det nett som han vil, like lite sjenerøs som før. Det er tilfellet i jubileumsutgåva av vekebladet, der Skrue, Donald og nevøane igjen drar opp til Bjørnefjell, og Skrue får besøk av Bjørnen for «julene som aldri var».

Barks og Dickens

Bjørnen fortel at han er ånda som viser grunne sjeler kva dei er, og han tar Skrue med på ei reise som nesten får han til å bli raus og venleg. Men til sjuande og sist slår Skrue det heile frå seg, og held fast på sine gamle vaner. Dei uforanderlege Disney-karakterane lærer ikkje nødvendigvis av sine feil. Men den dickenske bodskapen er like fullt til stades i mange av historiene om onkel Skrue.

– I Dickens' opphavlege forteljing er Scrooge verdas verste og mest hardhjarta, utnyttande kapitalist, før han går gjennom ei forandring mot slutten. Slik er det også med Skrue. Han har eit kaldt og hardt image, men alle lesarane skjønar at han er varmhjarta inst inne, seier Tormod Løkling, mangeårig Donald-forfattar og tidlegare Donald-redaktør. Carl Barks og Charles Dickens er favorittforfattarane hans.

– Bodskapen i En julefortelling handlar om medmenneskelegheit. Og det er eit konkret sosialistisk bodskap som ligg der, om at arbeidsgivarane ikkje berre kan ture fram over sine tilsette. Dickens var også opptatt av å syne fram kor ille situasjonen var for dei fattige i England på denne tida, seier han.

LES OGSÅ: For mykje gåvemas, meiner to av tre

Fattigdom

Det er ikkje ofte at fattigdom blir skildra eksplisitt i Donald-universet, men det har skjedd fleire gonger i juleforteljingane – ikkje minst i Disneys versjon av Dickens' juleforteljing, Mikke Mus. En julefortelling, som kom ut på norsk på Spektrum forlag i 2015, og som teiknefilm allereie i 1983.

I 1954 vart Carl Barks-historia «Donald Duck og barnas juletrefest» trykt for første gong, der Donald, Dolly og Ole, Dole og Doffen engasjerer seg for å samle inn pengar så barna i bydelen «Pengelens» kan få ein juletrefest. Historia trykkast på nytt i 1967, med tittelen «Jul i Pengelens», der ein del av rutene som illustrerer størst fattigdom, er sensurert vekk.

– Slik eg hugsar det, vart rutene som viste særleg fattige barn og naken fattigdom kutta; det passa ikkje inn i universet. Det vart vel rett og slett for grim realisme. Donald skulle jo vere meir uskuldig underhaldning.

Dickens' tradisjon

Men det er like fullt stor fattigdom vi møter, der folk ikkje har råd til mat og klede, og på langt nær julefeiring. Onkel Skrue gjer seg sjølvsagt frykteleg vrang når han blir spurt om å bidra og får også sin straff for det, ved at alle pengane i pengebingen til slutt forsvinn ned i eit svart hol.

Løkling har også, saman med Knut Nærum, skrive ei historie om fattigdom og barnearbeid i sann dickensk stil frå Skrues barndom i Skottland på 1800-talet: «Kampen om jula» frå 2013 (teikna av Arild Midthun).

– Det er ei historie om då Skrue jobbar for å få til ei betre jul for barna på barneheimen. Det er vårt vesle bidrag til den tradisjonen Dickens starta med Scrooge.

– Kva tradisjon er det?

– Tradisjonen med å fortelje denne historia på ulike måtar. Dickens gjorde også det han kunne for å spreie forteljinga, han reiste rundt i England og las. Og med jamne mellomrom blir jo denne historia fortald på nytt, vridd og vrengd på og fortalt på nye måtar gjennom generasjonar.

LES OGSÅ: En jøde feirer jul

Ein slags julebodskap

Litteraturkritikar Hilde Strandberg Mugaas skriv denne veka om adaptasjonar av Dickens En julefortelling på barnebokkritikk.no. Og det finst hundrevis, i ulike former.

– Kvifor vart, og er, denne forteljinga så populær, trur du?

– Eg trur mykje av grunnen er at det er ei historie med ein veldig tydeleg moral, som trefte mange lesarar og lyttarar då ho kom ut. I tillegg er det nokre evigaktuelle tema her, samla i eit enkelt plott som lett kan la seg overføre til andre univers – for eksempel Disney.

Ho fortel om onkel Skrue som er blitt endå verre i Disneys versjon enn Scrooge er hos Dickens, og korleis Mikke Mus og familien er endå fattigare enn Bob Cratchit – til det komiske. Den vesle julesteika familien må dele er nemleg blitt bitteliten i utgåva til Spektrum.

– Mykje av vondskapen både her og i Skrue elles forsvinn jo fordi han er ei and. Men eg trur bodskapen kjem fram likevel – eg hugsar i alle fall korleis dette trefte meg då eg var barn. Og eg trur også i dag at denne historia snakkar til oss om kva som er viktig i jula: at det ikkje er pengar og ting, men å vere saman med folk ein er glad i.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur