Kultur

Nytt religionskritisk magasin skal bli samlestad for religionskritikk

Ny nettstad og magasin skal rette kritikk mot alle dei abrahamittiske religionane. – Når ein fremmer substansiell religionskritikk, rammar ein grunnlaget for dei alle, seier ansvarleg bak prosjektet.

Det som var nettstaden til den avdøde religionskritiske forfattaren Andreas Edwien overtar domenet Religionskritikk.no frå Religionkritisk forlag. Dei satser på å bli til ein samlestad for religionskritikk. Det melder Fritanke.no.

Formelt ansvarleg er Thomas Gramstad frå «Stiftelsen Religionskritikk for fred».

Ifølge nettstaden skal formålet vere å «dekonstruere religiøse doktriner som underbygger autoritære, patriarkalske og dualistiske forestillinger om virkeligheten». Dei skal produsere nytt religionskritisk materiale og ønsker òg å publisere tidlause religionskritiske tekstar. Desse tekstane fortener ny merksemd, meiner dei ansvarlege. Magasinet har ikkje fått eit offisielt namn ennå og ønsker å motta forslag frå lesarar.

Ikkje kritikk av konsekvensar

Det skal ikkje skrivast mykje om religiøst motivert sosial kontroll, undertrykking, barnehijab, «medisinske mirakel» eller liknande. Prosjektet skal handle meir om å kritisere trusgrunnlag med hjelp frå filosofi og logikk, ifølge Gramstad. Han understreker at sjølv om dei kjenner kristendommen best, så ønskjer dei å kritisere alle dei abrahamittiske religionane.

– I dag er det veldig polarisert knytt til kva for ein religion som fortener mest kritikk. Det er langt frå perspektivet vårt. Når ein fremmer substansiell religionskritikk så rammar ein grunnlaget for både kristendommen, islam og jødedom samstundes, fortel Gramstad til Fritanke.no.

LES MEIR:

«Islam må kunne kritiseres uten at muslimer legger premisser for hvordan det gjøres»

Advarer mot lærebøker: Finner stadig feil om kirke og kristendom

Arne Borge: «Er det én ting vi ikke trenger å bruke bekymringskvoten på i dag, er det norsk kristenliv»

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur