Kultur

Noahs tømmermenn pryder Bibelen

For kunstnaren Oddvar Torsheim var det ingen kunst å finne eit bilete då Bibelselskapet bad han illustrere forsida på Bibelen. – Eg kunne berre gå på lageret, seier han.

Det Norske Bibelselskap gir i vår ut nye utgåver av Bibelen med stor skrift. På framsida er ­nynorskbibelen pryda med eit bilete frå han som er kalla «eit heilt karneval for seg sjølv». Karakteristikken vart nytta av kunstkritikaren Lars Elton i boka som kom ut då Oddvar Torsheim runda 80 år i fjor.

Mange bibelbilete

– Kva var din første tanke då spørsmålet kom frå Bibelselskapet?

– Eg har mange bibelske motiv på lager. Eg kunne berre gå og leite, fortel den fargerike kunstnaren på telefon frå heimstaden Førde.

Bibelselskapet fekk fleire forslag og valde biletet som Torsheim har kalla «Noas tømmermenn».

– Han var jo ikkje heilt tørrlagt stakkar. Noah var eit menneske i verda og ein fantastisk fyr, meiner­ Torsheim.

Andre motiv er han med bjelken i auget og Kristus i Getsemane der Vårherre protesterer.

– Eg er bra inne i Skrifta, og er særleg glad i Predikaren, som er kort og presis. Alt har si tid. Det er eksistensialisme. Eg har laga mange bilete av den plaga Job, og Himmelfarten har eg og laga. Og Salome med Johannes døyparen sitt hovud på eit fat. Eg gjer det må min måte.

Handbak med Styggen

Om han har eitt favorittmotiv frå ­Bibelen, er ikkje lett å avgjere.

– Eg har og eit som heiter «Kampen held fram» der Kristus og styggen sjølv bryt handbak over jorda.

Det er kanskje særleg Rembrandts bibelbilete som tidleg etsa seg inn i Oddvar Torsheim.

– Mor mi var søndagsskulelærarinne, og eg kan godt hugse bileta der Kristus reddar barnet frå å falle utfor eit stup. Atterkomsten vart vi skremde av. Eg har også han på eit bilete. Der kjem Kristus att gjennom skya i eit vestlandsk landskap.

– Mor var ei misjonskvinne og ei grepa dame som blei 100 år og fire månader gamal. Ho gjorde ein stor innsats der ute i Naustdal. Far min var kyrkjesongar og lærar, og dei var veldig flinke med ord båe to. Eg klarar ikkje heilt å leve opp til dei. Det var ei anna tid.

Gode rutiner

– Du runda 80 i fjor. Er det framleis like morosamt å halde på?

– Han som venter på inspirasjon, skal vente lenge. Eg held på i rein rutine. Eg har ikkje alltid levd eit sunt liv slik eg gjer no. Eg jobbar­ regelbunden, og så har eg ei dotter som styrer med det meste. Ho er også eit grepa kvinnfolk som er til stor hjelp.

Midt i mai inviterer Torsheim til ny utstilling på Galleri Briskeby i Oslo. Kyrkjekunst har han og laga. I Moa arbeidskyrkje i Sandane heng det eit stort bilete han har kalla «Kyrkje på pinsetur».

– Oppe i himmelen slåss Vårherre og Tor med hammaren. Kristus styrer skipet, og du ser ein liten djevel like rundt hjørna. Han er jo alltid der, som bestemor mi sa.

Noko morosamt

Heime har Oddvar Torsheim Bibelen han fekk av bestemora i 1952.

– Han er svart med gull på, og eg tek godt vare på han og har masse notat i. Eg har ikkje tatt i bruk den nye enno. Eg synes han er ganske lekker, lyder sjølv­rosen.

Salssjef Dan Aksel Jacobsen i Bibelselskapet kunne knapt ha sagt det betre. Det var i samband med ei anna utgjeving at ideen om illustrasjon på bibelomslaget kom opp. Forlagssjef Hans ­Johan Sagrusten skreiv i Boka om boka om at det i tidlegare tider var vanleg å illustrere Bibelen.

– Kvifor ikkje ta opp att den tradisjonen, tenkte vi. Det trygge­ ville vore å velje eit klassisk naturbilete, men vi valde heller noko morosamt. Fleire her i forlaget kjenner kunsten til Torsheim og tok kontakt i fjor haust. Reaksjonane frå lesarar er overveldande, seier Jacobsen.

Av dei fire nye storskrif­t­utgåvene­, er Noah-versjonen den mest etterspurde.

LES OGSÅ:

Ny nordsamisk bibel etter 124 år

10 år tok det henne å lage hverdagsbibel

Tok Israel ut av Det nye testamente

---

Fakta:

  • Bibelselskapet kjem i vår med fire nye bibelutgåver i stort format.
  • Den nynorske utgåva har omslag av biletkunstnaren Oddvar Torsheim.

---

Les mer om mer disse temaene:

Arne Guttormsen

Arne Guttormsen

Arne Guttormsen er kulturjournalist i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur