Kultur

Nektar å bli kalla sekulær muslim

Norsk-iranar og humanetikar Siamak Yazdankhah tar eit oppgjer med sitt eiget forbunds bruk av omgrepet «sekulær muslim». Også eksmuslim Wasim Zahid synest det er irriterande å bli kalla noko anna enn ateist.

– Eg reagerte då eg såg Human-Etisk Forbund bruke dette omgrepet, seier Siamak Yazdankhah (bildet).

Mikrobiologen kom til Noreg frå Iran i 1986 og har vore medlem i Human-Etisk Forbund (HEF) sidan 1992. No har han skrive eit innlegg på nettavisa fritanke.no, der han kritiserer bruken av omgrepet «sekulær muslim» som unyansert. Bakgrunnen er leiarartikkelen i førre nummer av HEFs medlemsmagasin, Fri Tanke, der redaktør Kirsti Bergh oppmodar forbundet til i større grad å samarbeide med sekulære muslimar, mellom anna organisasjonane LIM (Likestilling, integrering, mangfold) og SSI (Senter for Sekulær Integrering). Dei vil ifølgje Bergh vere gode samarbeidspartnarar for HEF i arbeidet for å få gjennomslag for eit sekulært lovverk.

Merkelapp

– Eg har ikkje noko problem med at folk kallar seg sekulære muslimar. Men ein seriøs organisasjon som HEF bør ikkje bruke det, seier Yazdankhah.

I kronikken peikar han på at det språkleg sett gir lite meining, då orda sekulært og religiøst per definisjon er motstridande.

– Men det eg først og fremst synest er problematisk, er at ein med ein slik omgrepsbruk bidrar til å sette folk i bås, og slik ubevisst gi makt til majoriteten.

Yazdankhah var ateist lenge før han kom til Noreg, og tanken på å bli kalla sekulær muslim er heilt framand for han.

– Det er ingen som blir kalla sekulære kristne. Eg vil heller ikkje ha ein slik merkelapp på meg.

Religion og samfunn

Kirsti Bergh seier seg einig med Yazdankhah i at humanistar eller ikkje-truande med muslimsk bakgrunn ikkje skal ha eiga nemning som sekulær muslim.

– Men her handlar det først og fremst om organisasjonar som har profilert seg slik, seier Bergh, og understrekar at det ikkje er HEF som organisasjon som har brukt omgrepet, men medlemsmagasinet.

Formålet her er ifølgje Bergh å samle ikkje-truande med muslimsk kulturbakgrunn og sekulære religiøse muslimar i arbeidet med å avgrense religionens innverknad på ålmenta.

– For der er eg ikkje einig med Yazdankhah. Sjølv om sekulær i folkeleg betyding blir brukt om ikkje-truande, handlar det å vere sekulær først og fremst om haldninga ein har til forholdet mellom religion og stat.

Æsæl Manouchehri, generalsekretær LIM, er samd med Bergh i at omgrepet sekulær i denne samanhengen må forståast som noko anna enn ikkje-religiøs.

– Dei fleste av oss i LIM er jo opphavleg muslimar. Men vi praktiserer religionen i veldig ulik grad.

Ho understrekar at det å vere sekulær muslim ikkje seier noko om graden av tru.

– Det handlar om å markere at vi ikkje ønskjer at religion skal ha så stort spelerom i ein sekulær stat. Trua er ei privatsak og ikkje ei statleg affære.

Presis

Vidare i leiaren skriv Bergh: «Kanskje vil flere sekulariserte muslimer finne sin plass i Human-Etisk forbund etter hvert, slik den profilerte legen Wasim Zahid og unge 'skamløse' Nancy Herz har gjort».

– Då er det ikkje berre desse organisasjonane du viser til, men også enkeltpersonar som i dag er medlemmar av HEF?

– I denne samanhengen handla det om moglegheita for at denne spesifikke gruppa - altså ikkje-truande eksmuslimar og kulturmuslimar - skulle kunne finne sin plass i HEF, seier Bergh.

Wasim Zahid, som er omtalt i teksten, identifiserer seg ikkje som sekulær muslim, og synest det er irriterande å bli kalla noko anna enn det han er: ateist.

Han ser at omgrepet kan famne både folk som har ein sterk identitet knytt til sin muslimske bakgrunn, men som ikkje trur, og til muslimar som meiner tru er noko privat.

– Mi meining er at folk må få kalle seg det dei vil. Men når ein snakkar i offentleg ordskifte, er det ein fordel å vere presis, seier Zahid.

Kirsti Bergh i Human-Etisk Forbund seier at kritikken frå Yazdankhah vil gjere at ho tenkjer endå meir på kva omgrep ho bruker.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur